Oppstart i barnehagen. Dag 2

5. aug, 2015

Leikene må fram!

5. aug, 2015

I dag har det vore ein særskilt hyggeleg dag. Me starta som vanleg med ein roleg og god frukost i barnehagen. Me tar oss god tid slik at det vert gjeve rom for å prata med barna og sjå til at alle  får ete seg mette. Me øver på god bordskikk og let ingen av barna få gå frå bordet før dei aller fleste er ferdige. Me syng og ber for maten både før og etter måltidet. Me trur at gode rutinar, samt bøn og takk for maten, er med å skapa ei god ramme rundt måltidet. Bordfellesskapet lagar gode minner, knyt oss saman og bidreg til at borna får gode helseeffektar både fysisk og psykisk. Etterpå hadde me puslestund. Då fekk borna trena på finmotorikk, koordinasjon, evne til kognisjon og språk. Me vaksne sit saman med borna og snakkar med dei om bilete på puslespelet og puslinga. Ei god stund.

Som ein del av det daglege programmet i barnehagen, har me samlingsstund. I dag hadde me fokus på skapinga."Kven har skapt alle blomane?" Me snakka om Gud som skaparen av alle ting og kor avhengige me er av alt som omgir oss: Luft, lys, vatn, blomar, korn, dyr, fuglar og fiskar. Det er dyr som et andre dyr, dei har spisse tenner og vert kalla rovdyr. Så har me hesten som berre vil ha gras, grønsaker og brød. Han har "flate" tenner som eine guten sa og likar verken leverpostei eller kvitost. Me retta fokuset på kjøkkenhagen vår der me har planta redikkar, gulrøtter, jordbær og poteter. Dette gjer me for at barna skal forstå at maten me et, faktisk kjem frå jorda eller dyra som bonden har på garden (og ikkje frå Rema...)

Etter endt samlingsstund er det full rulle med påkledning og pakking av mat til turen i skogen. Me har vårt vesle paradis berre nokre minutt inn i Stuaskogen. Der har me hytte, reiler, sandkasse, bålplass og benkar.Ein god og idyllisk leikeplass for barna med skog, maurtuer, gøymestader og rikeleg med tumleplass. Det er få ting som kan måla seg med naturen når det gjeld å gje borna motoriske utfordringar, gode opplevingar og stimulerande inntrykk... Men først skal hestane frå brødrestar. Me har 2 nydelege islandshestar som er knytt opp til barnehagen. Det er veldig spennande når dei store vakre dyra kjem til oss og vil eta av handa vår. Skrekkblanda fryd, kan me kalla nokre av reaksjonane.

Men no er det klart for lunsj i det fri. I dag kom heldigvis ikkje regnet og gjorde skjeva vår våt..Det var tvert i mot godt og varmt å setja seg ned å få seg mat. Måltidet består av kneip, makrell i tomat, ost, leverpostei, kaviar og litt honning til sjefen...Ja, også kaffi då, det MÅ ho også ha...Men då er alt greitt. Då er spørsmålet til barna: Kva vil du ha? Å finna ut kva me likar og kva me vil ha, startar i desse små situasjonane i kvardagen.

Me avsluttar turen i skogen med leik. Nokre er i sandkassen, andre tel gamle drakoheads ved bordet og kan sei fargane på dei, medan resten kosar seg mellom trea. Rundt klokka 14 tuslar me oss tilbake til barnehagen og samde om at dette berre var veldig kjekt og koseleg.

 

5. aug, 2015

Hestane elskar brød.