Korleis leva og overleva som mor?

Korleis lever du og overlever du som mor med små barn, graviditetar, fødslar og mange krav og behov rundt deg på nærast alle kantar? Ja, det kan kjennast dramatisk mange gonger når babyen vaknar om natta og skal ha mat og 2 åringen også vaknar opp og har kasta opp i senga...og omgangssykja går frå den eine til den andre. Det kan bli lite søvn over lange periodar. Kanskje har du fått ein baby som har kollikk eller du må opp å amma fleire gonger om natta. Dagen startar som oftast tidleg i denne fasen av livet. Nokre små barn vil gjerne stå opp kl 5 om morgonen og iallefall ikkje seinare enn kl. 0630! Og dei spør ikkje om kor mange timar du har sove når dei vil stå opp. Og oppi alt dette skal du vera ektefelle, kjæreste og klar til praktiske oppgåver i huset! Det manglar ikkje på utfordringar! Men kva gjer ei (stakkars) kvinne i ein slik situasjon? Som sikkert dei fleste av dykk har oppdaga, så er det sjeldan kø utfor døra di med menneske som vil passa barna dine. Dei fleste av oss er overgjevne til oss sjølv, også med alle spørsmåla og bekymringane som kan fylgja med morsrolla. Korleis skal det gå med barnet mitt? Får det nok mat? Har eg nok melk? Korleis få barnet til å sova om natta? Eller kva gjer eg med ein 2-3 åring som aldri vil lyda og er sjalu på den nyfødte? Spørsmålsrekka kunne vore gjort lang. Men det er ikkje poenget her. Men eg vil peika på ein del ting som har vore til uvurderleg hjelp for meg i denne fasen av livet og seinare også for den saks skuld:

Punkt 1: Du er viktig! Dine behov er viktige! Og det er det viktig å ta omsyn til. Du treng mat, kvila, fysisk aktivitet, åndeleg mat, kontakt med vener og ikkje minst frisk luft! Sjølv byrja eg å jogga i skogen allereie 6 veker etter fødselen! Då sprang eg frå mann og barn og brukte over 1 time på meg sjølv eit par dagar i veka! Er du åleine med omsorga: Prøv å få deg ei barnevakt som kan sjå til barnet eller barna dine denne stunda. Det er SÅ viktig med pausar frå alle krava og maset som kan liggja i ein kvardag. I arbeidslivet er det krav om at du skal ha pause kvar time...som mor får du kanskje ikkje ein gong gå på do åleine...Å koma ut i skogen gjer godt både fysisk og mentalt. Nokon kan lika å gå eller jogga saman med andre. Medan eg har stort sett jogga åleine. Å finna ro er viktig. I Salomos ordspråk står det: Sinnets ro gir kroppen liv. 

Punkt 2: Finn nokon å snakka med om dei utfordringane du opplever i kvardagen. Ei god veninne er verdt meir enn gull eller alle andre edelsteinar. Ingenting kan erstatta ei god veninne. Det er godt å ha som ventil når det indre trykket aukar på og det kokar i toppen. Å snakka med mannen kan ha sine avgrensingar: Han forstår seg ikkje alltid på kvinner. Han har aldri blitt mor og det kan bli slitsomt for han å vera kontainer for deg. Men ei god veninne kan forstå deg, lytta og gje gode råd.

Punkt 3: Be til Gud! Han har alltid tid til å lytta til deg! Eg har ikkje tal på kor mange morgonar eg låg i senga og ba Salme 25. Heile salmen er full av gode poeng. Men i eitt av versa står det: "Lat ikkje fiendane triumfera over meg!" I ei anna salme (63) står det:"Utaus ditt hjarta for Herren." Å tømma seg ut, vera ærleg og ikkje skjula smerten eller situasjonen din verken for Gud eller menneske, er grunnlaget for å bevara sinnet og kroppen i sunnhet. Me er oppvaksen i ein kultur der me skal skjula problema våre. Det har vore forbunde med skam å vera svak og ikkje meistra alt! Dette er eit farleg trekk ved måten vår å leva på  og me treng å bryta ned denne løgna at det er ved å syna deg sterk at du er det. I Bibelen står det: "Når du er svak, så er du sterk." Tenk etter: Det krev meir å audmjuka seg og syna svakhet, enn å skjula den og spela sterk. Og på sikt er det ikkje ein slitesterk livsstil. Du blir irritabel og sliten av å bera på dei tunge tankane åleine. Mange kvinner går inn i depresjon og angst fordi dei ikkje vågar å ta ut problema sine. Djupast sett er du kanskje sint...utan å skjøna det sjølv. Ver heilt ærleg både med deg sjølv, Gud og dei rundt deg om korleis du eigentleg har det. Ingen er tent med at du vert liggjande nede, verken på eine eller andre måten. Eg trur mange kvinner slit med psykosomatiske plager (fibromyalgi, hodepine, smerter i kroppen, lågt immunforsvar) pga manglande psykisk og åndeleg sunnhet. Kjenner du at tårene pressar på: Lat dei få koma. Det mykje lækjedom i å gråta ut smerten sin. Ver også klar over at TV-sjåing ikkje gjev ro til sinnet ditt, heller ikkje overdreven bruk av digitale media. Skru av alt og la hjernen få kvila!

Punkt 4: Sjølv har eg funne mykje styrke ved å lesa i Bibelen. Her har eg funne ord som har oppmuntra meg, vist meg Guds kjærleikog utfordra meg til korleis eg skal takla problema. Til dømes ein gong eg var kjempesliten opplevde eg at Gud oppmuntra meg til å byrja å takka for alt det som var positivt rundt meg....WOW! det var ikkje lite. Det snudde situasjonen den gongen og eg vart minna på eit ord eg fekk frå ein nederlandsk forbedar ein gong: "Don´t look at the problems, you get so tired"

Så kjære kvinner og mødre: No har eg delt litt av det som hjelpt meg gjennom 5 barn, 2 barnehagar og mange personlege utfordringar. Vonar du har fått noko ut av det!