Lappesteiking i skogen

Fins det ein betre måte å avslutta ei veka i barnehagen på enn å samla foreldre og born til lappesteiking i skogen? Me tykkjer dette er noko av det beste me kan gjer. Bålpanne, steiketakke og mange liter lapperøra, heimalaga syltetøy samt kaffi og saft var i sekken då me tok med oss alt av smått og stort fredag ettermiddag. Me kan ikkje sei at sola steikte oss i nakken.....men heller at det kom litt svalande regn i ny og ne. Men det gjer ikkje så mykje, for varmen frå bålet og gleda over å vera i lag ute veg opp for dette. Og så kler me oss etter veret og tåler ein liten dusj....Kjersti fyrte opp i bålpanna 7 gonger det som trongst. Og det vart fort VELDIG varmt. Så dei første lappane vart VELDIG godt steikte...så dei vart hestemat 🙂 men når alt roa seg ned vart svartfargen endra  til lett brun, då fekk lappane bein å gå på både i små og store magar. Kjersti klarte ikkje å holda fylgje med appetitten, for å sei det slik.  Så etter 2 gode timar ute i frisk luft, og fin natur, kunne me ta helg. 

Det er helg. Alt er roleg. Me kan slappa av og samla krefter. Det har vore ei tung veka med harde tak. Å driva og jobba i barnehage kan innehalda alt frå den beste idyll til store krevjande saker og oppgåver. No har me opplevd tung sjø, ”skuta” vår har møtt ein kraftig brottsjø og me var redde me skulle gå under. Alt vart skaka. Mannskap og utstyr har fått hard medfart og me fekk krisekjensle på grense av katastrofe. Alt var idyllisk og kjekt, veret var deilig og me teksta til mor: ”Me har det kjempefint.” Augneblinken etterpå var dette kjempefine endra til grusomt: Kor er den eine guten vår?

1 lang time gjekk, før han vart funnen. Alle som kunne be, bedde….Eg brølte…, inni meg.  Ord som skapte tryggleik kom til mitt indre: ”Han er ikkje i sjøen, han skal bli funnen.”  Det gav tru, men kor var han då? Området er stort rundt Sponavikjo og han var søkk vekke. Angsten gjorde meg tørr i munnen, eg helte inn på glas etter glas med vatn. Politiet ringte, namnet på guten var uvant for dei…eg måtte stava det og eg tenkte: Er det mogeleg? Alle naudetatar kom utruleg fort. Imponerande! 113 koordinerte aksjonen. Godt jobba.  Men å sjå dykkarane gå i sjøen, var fælt, sjølv om eg hadde ei slags visse om at der var han ikkje. Eg hadde trass alt sete og sett den vegen då han forsvann. Politi, ambulanse, helikopter, brann, dykkarar, lege, ambulansebåt, hurtigbåt og mange friviljuge som gjekk omkring overalt for å leita. Kor mange friviljuge som deltok har eg ikkje oversikt over, men badegjester i Sponavikjo var raske med å reagera då me forklarte kva som hadde skjedd. Hjarteleg takk til alle som hjelpte både av vanlege folk og profesjonelle.

Då me endelege fekk høyra dei forløysande orda: ”Han er funnen!” kom tårene og reaksjonane. Me gret og heldt rundt kvarandre. Dette hadde vore den verste timen nokon gong.  Men me fekk snakka i lag både då og seinare på dagen. Dette vanskeleg hadde fått ein lukkeleg slutt trass alt. Før me går, seier ei kvinne frå politiet til oss: ”De må ikkje slutta å gå på tur!” Nei, det kan me ikkje. Å gjerda inne borna fordi me er blitt for redde, er verre enn alt. Då har me tapt for angsten. Den har aldri vore ei god leiestjerna.

Men det vil ta tid før støkken og angsten er komen ut av sjela og kroppen….kanskje har me fått eit varig merke? Me var alle på jobb dagen etter. Det gjekk forunderleg bra. Avisene vil snakka med oss, Radio 102 likeeins. Me møter folk. Kva tenkjer alle? Ikkje eit vondt ord frå nokon, men medkjensle, sympati, forståing, forbøn og støttande ord. Det er berre å sei : ”Me har møtt varmen frå Vikjo….” Takk til dykk alle. Me har trengt det.

Det vart helg, og om laurdagen gjorde eg nesten ingenting…søndagen var tung. Det kjem nokre etterdønningar. Men på måndag var me på plass att i barnehagen klar til nye oppgåver. Me legg ut på ein ny etappe. Barna kjem og me har igjen mange gode stunder. På det ytre planet ser alt ut til å vera i gjenge att. Men inni oss kjenner me at me er på vakt.  Korleis vert veret denne veka? Vil det koma ny stampesjø eller får me snart smulare farvatn? Eg las på ei korketavle hos ei venninne i Kristiansand for mange år sidan: ”Ein sjømann ber ikkje berre om godt ver, han lærer seg å segla.”  Men det er no godt med sol og god bør….