Julesong vart bordvers i dag

Kopier fylgjande link og høyr kor flott borna song til maten i dag: https://www.facebook.com/kjersti.karlsen.90/videos/647307438742948/?l=7414325599117247517

Nye inntrykk frå barnehagelivet

Ja, då er det nokre dagar sidan eg skreiv på bloggsida. Så i dag tenkte eg de skulle få ei lta oppsumering frå torsdag og fredag.

Torsdag var det sus i samlingsstunda. Kitlesongen er alltid ein vinnar. Då syng me "Morn, morn, hei, hei, her er deg"...så syng me namnet på barnet medan me kitlar det....VELDIG kjekt. Song og musikk i barnehagen, løftar dagen. Og me brukar det kvar dag. Å gjera samlingsstunda personleg er veldig viktig, då blir kvar enkelt barn sett, høyrt og berørt. Det legg me vekt på. Me vil byggja opp barnet sitt sjølvbilete, og då er det stas å høyra at når Jesus bur i hjarta mitt og han er konge....og då må jo det bety at  hjarta mitt er slottet hans! Å vera skapt av Gud og så høgt elska at Han vil bu inni oss, er både trygt og godt.

I dag var det ridning som stod på programmet. Då pakka me sekken på nytt med mat til lunsjen. Hestane beitar borti skogen og då er det berre å ta lunsjen ute etterpå. Camilla og Heidi sala på Drifa, medan me andre jobba oss fram med barn, vogner, mat og hjelmar. Ein etter ein fekk sitja på hesten og ri eit stykke fram og tilbake i skogen. Ein stor augneblink for barna. Her får dei bli trygge på dei store dyra, oppleva noko få andre barn får vera med på, samt blir utfordra på motorikken med  balansetrening i salen. Mykje godt på ein gong!

Etterpå nytte me lunsjen på leikeplassen vår i skogen, bokstaveleg tala. Det var ein god og varm dag, og kva er betre då enn å sitja ned å eta skjeva vår og kosa oss...Det er berre å trekkja pusten og nyta augneblinken.

Fredag var det litt meir usikkert med veret. Men på programmet stod det blåbærplukking. Og då er det ut på tur igjen. Me har vår eigen Blæbærhaug som er akkurat passelig langt unna. Den ligg eit lite stykke før Colabekken. Då veit alle kor me er, Ikkje sant?  Her er det utfordrande for barna å ta seg fram. Dei må klatra og jobba for å koma seg til toppen. Dette gjev veldig god motorisk trening....og så er det blåbær her.... . I år det det eit fantastisk godt blåbærår og vil berre oppmuntra alle til å ta med bøtter og spann og gå i skogen eller på fjellet. Det rett og slett bugnar.

Sidan det var usikkert om regnet kom, tok me ikkje mat med denne dagen. Men blåbær var det mykje av. Dei vart plukka, noko for i magen og noko i koppen. Og det var nok til begge deler. Me tok masse med  oss tilbake til barnehagen. Der vart dei reinsa og me kunne laga 2 skåler med kjempegodt syltetøy. Nam,nam.

Å ta barna med på hausting i naturen, legg ned i dei viktige verdier som dei kan ta med seg seinare og ha mykje glede av. Her er ressursar som me vil at barna skal læra å nytta og tradisjonar i den norske kulturen som me vil overgje til dei.I tillegg får dei med naturopplevingar og fysisk aktivitet som er ein bonus som alltid er positiv.