Dei tilsette i barnehagen og det dei brenn for. 

Her på denne sida vil me presentera dei tilsette i Solsikkene Barnehager A/S. Kvar enkelt vil fortelja kva som er viktig for dei med jobben sin, kva dei brenn for og tykkjer er viktig å gje barna. 

 

Rebekka Karlsen

Rebekka Karlsen er 25 år og utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Ho skal også etterkvart verta sjåfør for oss. Ho har alltid hatt eit hjarta for dei barna som treng noko ekstra. Ho er opptatt av å sjå den enkelte. Les her om det ho sjølv skriv om det ho ser som viktig i barnehagen: For meg er det viktig å finna gleden i dei små tinga, men også å få nye utfordringar og å få prøva nye ting og oppleva meistring. Eg ser stor verdi i å å ver ute å leika, på leikeplassen, skog og fjell. Utan om det, så er det viktig for meg å ha gode relajonar med alle barna, og å ha ein varm, positiv dialog og at alle føler seg trygge, sett, hørt og akseptert, og at dei veit at dei har sin plass.

Vera saman. Kurs for tilsette i barnehagen

I dag har me vore på kurs i Kulturhuset. Tittelen på kurset heiter "Vera saman". Dette er etterkvart blitt eit stort opplegg som set fokus på vaksenrolla først og fremst for oss personalet, men også for dykk foreldre. Det handlar kort om å definera vår eiga framferd mot borna og utvikla oss mot den autoritative varme vaksne. Ein deler vaksne inn i 4 kategoriar: 1. Den autoritære 2. Den forsømmande 3. Den ettergjevande og 4. Den autoritative. Dei 3 første har svakheter som vil gje born atferd som er uønska: Redde, usikre, relasjonsskada, psykososiale vanskar, egoistiske, grenslause og aggressive mm Her er mykje viktig kunnskap å henta. Målet vårt i våre barnehagar er å vera tydeleg vaksne med felles grenser og krav, samstundes som borna vert sett og akseptert for den dei er.

Me kjem i løpet av våren kalla dykk inn til foreldremøte der ein av våre rådgjevarar frå PPT vil ha ei innledning rundt dette tema. 

Joann Egholm

Joann har jobba hos oss sidan 2007. Ho er utdanna lærar frå Fillippinene og er ein av dei dyktigaste pedagogane eg har møtt. Ho er i tillegg ein fantastisk person med stor personleg integritet i arbeidet sitt. Les her kva ho brenn for i jobben sin:

Det er jo bare koselig å jobbe med barna og den profilen vi har i våre barnehager. Jeg synes jeg lærer mye selv og ønsker å være en god modell for barna. Jeg er veldig glad i å leke ute, gå på tur, synge, danse og lese bøker. Jeg vil sammen skape en barnehage som gir alle trygghet, trivsel og tid i hverdagen og ta alle barn på alvor og lytte til det de sier. De skal bli hørt og sett, ikke bare med øyne men med hjerte. Jeg og veldig glad i alt mulig kreativt arbeid og viktigste for meg at ungene har det veldig bra i hverdagen og deres foreldre er fornøyde for jobben vi har gjort. Dette er de eneste kristne barnehagene på Stord, og jeg er glad for å være med å dele om Jesus og lede dem i den veien de kan velge når de blir større. 

Kjersti Karlsen

Som eigar og styrar av Solsikkene Barnehager A/S har eg drive dei 2 barnehagane me har i 18 år.

I 1987 gjekk eg ut av Diakonhjemmets sosialhøgskole som ferdig sosionom. Men sidan eg gifta meg og fekk 5 barn på 10 år, vart det lite tid til å jobba innan dette yrket. I stadenfor starta eg Bergly Familiebarnehage i 1998. Det gjorde eg etter at eg opplevde eit kall frå Gud til å starta barnehage. Det var veldig spennande, kjekt og til tider krevjande. Men me har kjent det som viktig og rett å vera eit tilbod til barn på Stord. Barnehagen har vore eit tilbod der barna får god kontakt med vaksne, lærer å kjenna den kristne trua og får veksa opp i heimslege og trygge forhold. Etter ei tid hadde eg lyst å driva ein større barnehage. Så i 2005 opna me Stuastølen Gardsbarnehage på Stuve. Denne barnehagen er plassert på ein av dei finaste gardane på Stord og gjev noko av dei beste forhold for ein god barnehage. Her er dyr, natur og gjev erfaringar mange barn i dag aldri får oppleva: Nærleik til naturen, lamming om våren og hesteriding.

 For 4 år sidan byrja eg på HSH for å bli førskulelærar. Det er noko av det beste og kanskje luraste eg har gjort. 3 gode år på friluftslinja har gjeve nye og gode erfaringar som eg tar med meg inn i jobben. Det har gjeve meg ein heilt ny tryggleik i høve til å ha ansvaret for barnehagane og har gjeve ei ny glede med å jobba med barna. Så vil du gje barnet ditt eit barnehagetilbod som tar alle sidene ved barnet på alvor, så søkjer du til oss. Velkommen til eit unikt barnehagetilbod på Stord.

Alexander Rogne Leskinen

Alexander har gått 3 år på HSH med meg (Kjersti) på førskulelærarlinja. Etter 3 år saman var eg ikkje i tvil om at eg ville tilby han jobb hos oss. Han har alle dei gode eigenskapar eg kan ynskja meg hos ein medarbeidar i barnehagen. I tillegg er han mann. DET er viktig i seg sjølv. Her er det han seier om jobben sin:

Det er viktig for meg at alle barn skal få ha ein trygg og god kvardag med moglegheit for både lek og læring, men også att dei skal få prøve nye og spennande ting og få moglegheit til å være ute i naturen med alle godene den har å gi. Å gå på tur med barna til både kjent og ukjent har eg ein ekstra plass til i hjarta. Eg verdsetter også stort fellesskapet i barnehagen og at kvart barn skal kjenne at dei har sin plass i han. 

Heidi Glesnes Taipale

 Heidi Glesnes Taipale er assistent og sjåfør i barnehagen.

Eg likar å ha det kjekt med barna. Eg likar å vera ute i skog og mark og læra dei om naturen og dyra som bur der. Eg vil læra dei å vera snille og gode mot kvarandre og visa respekt for kvarandre uansett nasjonalitet. Eg vil læra barna til å hjelpa kvarandre ved å framelska det positive og ta vekk det negative, visa dei vegen til ei lys framtid gjennom respekt og godhet.

Eg vil at barna skal ha det trygt og godt i barnehagen og sitja att med mykje lærdom og gode minner

 

Camilla Spissøy

Her kjem presentasjonen av Camilla Spissøy:

Camilla er utdanna førskulelærar og har jobba i våre barnehagar i 15 år. Ho har vore pedagogisk leiar i alle desse åra og har gjort ein fantastisk jobb. I dei 3 siste åra har ho vore assisterande styrar og har hatt ansvar for den daglege drifta medan Kjersti har gått på HSH. Det har vore ein krevande jobb som ho har klart på ein svært god måte. Camilla er flink med både barn og vaksne. Ho er 36 år og har 3 eigne barn.

Her er det ho likar å ha fokus på i barnehagen. Ho skriv: Eg likar å vera saman med borna, undre meg saman  med dei og støtte dei vidare i utviklinga. Eg har tru på naturen som leikeplass og at å vera mykje ute, fremjar barna si utvikling.

Eg jobbar for at barna skal vera trygge, glade og ha god sosial kompetanse slik at dei skal vera godt førebudde til skulestart.

Eg vil at borna skal sitja att med gode minner frå barnehagen.

Ingebjørg Tanskanen

Ingebjørg Tanskanen er 56 år, assistent i Bergly Familiebarnehage. Ho har jobba hos oss i over 6 år. Ho har også fleire års erfaring frå barnehage i Gøteborg.

Ingebjørg skriv: Det er viktig for meg at barna har det trygt og godt i barnehagen og at alle blir behandla likt uansett kva land barnet kjem frå. Ingen må bli mobba. Alle må få bli med å leika. Det er og veldig viktig for meg å få vera med å spreia budskapet om JESUS, at alle barna får høyra om JESUS.

Eg synes alt er kjekt i barnehagen; å få vera med både inne og ute når barna leikar, å få vera med når dei lagar presangar til foreldra, og det er veldig kjekt å gå på turar. Eg håpar at alle barn (når dei blir større) som går og har gått i desse gode barnehagane, kan tenkja tilbake på gode minner og kor godt dei hadde det. Som t.d. alle dyra som dei fekk sjå og vera med å mata, ri på hestane og mykje meir.

Det er dei beste barnehagane som fins!