Hønene i Bergly Familiebarnhage

Kan 12 høner hjelpa 80 barn??

Ja, det høyres svært utruleg ut! Men er sant! I Bergly har me hatt høner i mange år. Barna får vera med på eggplukking og hønene er ein naturleg del av kvardagen. For nokre år sidan kom idéen om å selja egga til inntekt for fattige barn på Filippinene. I dette landet er utdanninga gratis, men viss familien manglar dei kronene som trengs til det utstyret skulen krev, får ikkje barna gå på skule. Då er utsiktene for desse barna lite gode. Difor er det ein av dei beste måten å hjelpa på, nemleg gje støtte til skulegong. Me byrja å setja alle pengane som kom inn på salet til kontoen til Joann (som jobbar i Bergly) og som er vaksen opp der. Ho overførte pengane til mora (som har vore rektor der i mange år). Ho fordeler no pengane mellom skulane og borna i nabolaget som treng det. No får me stadig gode rapportar frå skulane om kor mange barn som får hjelp. Fleire vel no å gje gåver rett i på gåvekontoen som er oppretta til føremålet: 9801 11 41021. 1 krone inn er 1 krone til borna! Ingenting går til nokon andre. Ver med på dette kjempekjekke hjelpearbeidet!

Me sel egg kva veke til dei som vil ha. Me har laga oss ein eigen etikett som ser slik ut: 

  KORTREISTE EGG MED EIT VIDTREKKJANDE FØREMÅL

                          EGG FRÅ BERGLY FAMILIEBARNEHAGE                                   

(uassortert og urørt av maskinar…)

                     Et egg med meining.....»hjelpe egg» og kjenn deg betre...:)

 Desse egga er produsert innerst i Gullbergvegen på Stord. Hønene våre er   frittgåande, delvis frittflygande, frittalande og nesten frigjorte .. Dei får boltra seg i eit friskt og godt miljø inne som ute. Dei lever på kjøpt fôr og restar frå maten vår. Og sist, men ikkje minst kvar ei krone du betaler for desse egga går uavkorta til å støtta barn på Fillipinene med skulegong. Pris: Min kr. 2,- pr egg. Vår eminente pedagog Joann Egholm. som opprinneleg kjem frå Filippinene fylgjer opp kvar elev personleg og ser til at pengane går til det dei skal. Dette er ein god  måte å hjelpa på! FLEIRE STØR NO PROSJEKTET MED Å GJE GÅVER INN PÅ KONTO NR: 9801 11 41021            

                              ME HJELPER NO 80 BARN !! 

                Og DU er ein del av dette! Takk for DI støtte !

                                     Kjersti Karlsen - driftsleiar                                                                                                                                                                                                                             FRISKE EGG LEVERT FRÅ BERGLY FAMILIEBARNEHAGE PÅ STORD  

Les meir om oss på www.kristnebarnehagar.no  ”Hjelpeprosjekta våre”

 

Frukosten.

Kva gjer me på dei vanlege dagane i barnehagen? Ja, det er ganske mykje. Programmet startar frå borna kjem inn døra....Etter at me har helsa fint, vil me at borna skal ta av seg skoa og jakka og henga jakka på knaggen og leggja skoa i skohylla. Så er det rett på toalettet og vaska hendene. Frukosten startar rundt kl 8.30. Då dekkjer me bordet med "ekta" tallerkar, glas, knivar, pålegg og drikke.

Me set gjerne stearinlys på bordet også. Hyggje, god stemning og gode rammer trur me er veldig viktig for at måltidet skal vera ei god stund. Barna blir benka rundt 2 bord og me startar med eit bordvers og bordbøn. Deretter skal dei forsyna seg fint, få høve til å smørja skjeva si sjølv og eta opp alt før dei får ny. Når dei er sterke nok, får dei fylla glaset sitt med melk eller vatn. Desse tilsynelatande små detaljane, er eigentleg ikkje så små likevel. Det er med å utvikla barna til små sjølvstendige individ og gjev dei oppøving i motoriske ferdigheter der dei må koordinera hand og auga for å få til oppgåva. Når barna får gjera ting sjølv og lukkast med det, får dei sjølvtillit; ein grunnleggjande eigenskap som ikkje kan vurderast høgt nok for resten av livet. 

Kva anna kan bordfellesskapet bidra med? Forutan at barna får god tid til eta sunn mat, så er sjølve fellesskapet også viktig. Me sit i lag, snakkar, har gode samtalar, øver på språket, øver på å senda, syna omsyn og sitja i ro. Sosial kompetanse er også viktig for korleis barna har det i lag med andre. Viss dei ikkje håndterer dette, kan dei koma til å falla utanfor i venneflokken. Ved bordet får dei trena på denne viktige eigenskapen. Me er sosiale vesen og er avhengige av å høyra til ei gruppe. Einsemd kan skapa mange vanskar og me vil jobba for at barna lærer seg å forhalda seg konstruktivt til andre slik at dei kan vera ein god ven og få gode vener.

Dessutan: Du betaler ingeting ekstra for maten og frukta i våre barnehagar 🙂