Berglyposten august 2017

Velkommen til nytt barnehageår til nye og gamle barn. En spesiell velkommen til nye barn som begynner i Bergly i august; Amalie, Ariam, Kidus, Mirjam og Noh. Senere i høst vil også Naomi komme. Så da vi er fullt hus J Vi gleder oss til å bli kjent med dere alle sammen. Dette året starte vi opp med ni barn, 6 jenter og 3 gutter. Vi har stor tro på at dette blir en superfin gjeng med  mange herlige barn!

     Nå i august har Joshline, Ignazio og Bernhard startet på Stuastølen og senere i løpet av høsten vil Betiel også gå over. Midt i august har Cecilia flyttet til annen barnehage. Vi ønsker de mange lykke til videre.                                 

     I august vil hovedfokuset vårt være på å bli kjent med de nye barna, og gi alle en myk overgang til barnehagedagen. Selv for de gamle barna er det en stor forandring å komme tilbake til barnehagen igjen etter sommerferien. Flere av deres gamle venner har flyttet over på Stuastølen og det kommer stadig inn nye barn. Dette gjør at vi trenger en periode på å bli kjent med hverandre, bli trygge og få gode rutiner. Vi har åpnet dagene med å følge barnas initiativ og ta ting i deres tempo. Vi sitter på gulvet, vi leker, vi synger, leser bøker, vi utforsker, spiller musikk instrument, danser og alt annet moro vi kan finne på. Det viktigste denne måneden er at nye barn blir trygge og godt kjent med oss voksne og i barnehagen. Dette kommer vi å fortsette i neste måned også.

     August har vært varierende vær, men vi har hatt fine dager både ute og inne. Det har vært fine turer med fuglematetur til andedammen, strandatur til Sponavikjo, hestetreff og blåbærtur i Gullskar, grisetreff i Gullberg, bringebær og bjørnebærtur i nærområdet og plommetur hos Kjersti.  Vi har også vandret med vogna og mat inn i skogen i Landåsen. Der spiste vi lunsj og koste oss masse. Det var også mye å se, lukte, smake på og undre seg over i skogen.  Veldig imponert over to åringene som gikk fint hele turen uten å klage.

     Ute i barnehagen har vi fått nytt lekeaparat med klatreveg, rutsjebane og båt nede ved sandkasse som Jakob (sønnen til Kjersti), samt Kjersti m.fl har fikset i sommerferien.

En dag var Stua gjengen på besøkt og testet lekeaparatene våres. Veldig kjekt å treffe våre gamle venner igjen. Av og til har vi hatt noen på besøk fra Stua når vi ikke er så mange. Det er gøy å se på at de store fra Stua og tok vare og viste omsorg for de små i Bergly.

     I Bergly har vi månedlige tema med utganspunkt i rammeplanens fagområder. Framover skal vi fortsette å jobbe med frukt og bær og mengd, rom og form som tema. Her skal vi ha mange spennende aktiviteter. Vi ser at gjengen i Bergly har mer og mer forståelse for sortering og plassering av lekene når vi rydder. Veldig bra!

     Vi har også hatt omfattende småkrypstudier i august. Som dere kanskje har sett har vi mange skrukketroll, edderkopp og langbein. Barna synes det er fascinerende. Vi synger “lille Peter edderkopp” og på turer har vi sett larve og snegler og lurt litt på hva de holder på med.

Dette året er det Joann, Ingebjørg, Esther, Sigrid og Madelen som skal jobbe i barnehagen. Esther og Sigrid går deltid, Ingebjørg jobber 4 dager i uken, mens Madelen kommer hver dag. Hun har praksisplass i barnehagen. Vi er veldig fornøyd med en god stab. De gjør en fantastsk jobb med alle barna.

     Det går vannkopper i barnehagen. Barna kan gå i barnehagen når almenntilstanden er god. Husk at barnet må få en feber fri dag hjemme før det vært sendt til barnehagen.

Annen informasjon: 

     *Alt av klær, sko,smokker, tutteflaske og etc. som barnet har med i barnehagen skal være merket med barnets navn. Dette kan forhindre at noe forsvinner og hjelper til at ting kommer på rett plass. Det er fint om dere fyller opp med skiftetøy, ta gjerne med dobbelt av alt (genser, body, strømpebukser, sokker, bukser og lignende). Når det gjelder regnklær (og dresser) er det viktig å sjekke strikk under foten. Dette er viktig for at barnet skal ha en god dag, og slippe at vann kommer inn under buksa. Husk sjekke regntøy og dresser regelmessig.

     *På hentedagene (fredag) må dere hjelpe oss med å holde porten og døren igjen, slik at barn ikke går ut av barnehagen. Når dere henter barnet, er vi takknemlig for dere hjelper barnet rydde litt av de lekene barnet leker med. Dette gjelder også når vi er ute.

     *Velkommen til foreldremøte på Stua: onsdag 13.september kl.1800. Tenk gjerne igjennom om dere har saker dere ønsker å ta opp i foreldregruppa, dette er et bra tidspunkt på det.

     

Vi ønsker alle en fargerik september!

 

På vegne av personalet

Joann

 

Berglyposten mars 2017

Då var mars månad over og me er for alvor komen inn i våren. Det kan me høyra på fuglesongen tidleg og seint om dagen! Det er veldig godt og me ser at det spirer og gror med kvitveis, kusymra, påskeliljer og andre vårblomar. I Bergly har me gjort eit eige eksperiment med påskeliljer i år! Men det kjem me tilbake til lenger ute i brevet :)

 Kjersti har vore fleire gonger i Bergly i det siste og hatt samlingsstund og vore med barna. Det er veldig kjekt å sjå at alle borna gjer framgang og utviklar seg. Mange er blitt flinkare å syngja, snakka og fylgja med. Andre er blitt flinkare til å gå og bevega seg. Me blir veldig glad når me ser at barna veks på alle område! Det er det som er målet for jobben me gjer frå me kjem om morgonen til me går om ettermiddagen. Sjølv dei mest daglegedagse aktivitetar, er den ein planlagt tanke bak. Og viss me ser eit barn som strevar med noko, prøver me saman med dykk foreldre å gripa tak i det og jobba saman med dykk for at det skal løysa seg. De er alle gode og flinke foreldre, som me opplever å ha ein god dialog med! Det er svært viktig for at me i fellesskap skal lukkast med jobben me gjer med barna «våre» :)

 I samlingsstund har Kjersti fokusert på innlæring av nye ord. Me nyttar mange metodar for å læra barna eit godt språk. T.d er det viktig at me knyter ordet opp til noko konkret. For å læra namn på dyr, så brukar me leikedyra våre og viser dei fram saman med ordet. Sang og musikk, saman med rørsler er også eit fantastisk middel. Her syner forskning at fleire deler av hjernen er i bruk enn viss me berre snakkar. Så difor syng me mykje, til stor glede for både barn og vaksne. 

Og ikkje minst syng me om Jesus i samling. Jesus elsker alle barna og Gud er bare god mot meg. 

 6 mars hadde vart Hailey 2 år. Ho er ei sjarmerande lita jenta med ein tydeleg vilje og personlegdom. Me har hatt mange gode og fine stunder med henne i barnehagen. Og på 2-års dagen vart det feira med muffins og eplekaka! Kjempekjekt.

 Kvar veke går me tur. Nokre gongar fleire turar. Me likar å gå til andre leikeplassar i området. Ein dag var me på leikeplassen i Nedre Hageby. Då var Rebekka på besøk hos oss. Det var veldig koselig. Ein annan dag gjekk me til leikeplassen i Øvre Hageby og hoppa i søledammar…..super kjekt! Når me har litt brød til overs, går me til Andadammen og gjev endene mat. Det er alltid like populært. Sist, men ikkje minst er Gullhaugen ein kjekk og god plass for barna å vera. Her kan dei leika med utfordrande aktivitetar som å klatra i tau, gå i balansetau, reila på gjøkuret og leika i naturleikekassen.  Og no når våren kjem, er det mange spennande dyr som byrjar å røra på seg……så då får både kaffibiller, makkar og tussalus gjennomgå! 

 Å gje barna motoriske utfordringar er med å utvikla intelligensen og hjernen deira. Då må dei tenkja sjølv og løysa problem og utfordringar dei møter….me skal ikkje hjelpa dei for mykje. I tillegg er kroppen vår lagt for å brukast! Gjern «hardbruk»! Då styrker me musklar, skjelett, senar og kondisjon! Me må ta vare på kroppen vår og gje barna gode kroppslege opplevingar i ung alder!  

No nærmar påsken seg og me har hatt fokus på det både i samlingsstund og i aktivitetar. 

Og her kjem me tilbake til eksperimentet til Joann og barna med påskeliljene. For førre mandag, sette dei påskeliljer i farga vatn (raud og blå) for å sjå om det trekkjer opp i blomen! De kan fylgja med når de hentar borna på fredag….for dei står i vindauga i inngangen. Og det vert spennande å sjå om det blir som Joann tenkte!

I tillegg har barna fått mala påskekyllingar som har fått nebb, auger o.l 

 I samlingsstund snakkar me om Jesus som døydde for oss og stod opp igjen. Me peikar på Guds kjærleik: At Gud gav oss Jesus. Når me som tar i mot Han, skal me alltid vera saman Han, både her på jorda og i himmelen! Det er ein fantastisk bodskap for oss alle: Me får tilgjeving for syndene våre og blir tatt i mot av ein god og kjærleg Far! 

Med desse orda, vil eg ynskja dykk alle ei velsigna god påskefeiring.

 Helsing oss som jobbar i Bergly: Joann, Ingebjørg, Ester, Sigrid og Kjersti

 

BERGLYPOSTEN JANUAR 2017

-med litt mimring frå desember….2016

Svusj, så var januar omme…og me kan allereie sjå 1. februar på kalenderen! Me må få lov å spørja kor tida vert av! Det var jo nettopp jul! Huttemegtu…det går fort.

Men slik er det vel når me har det kjekt og godt. Då er ikkje dagane verken lange eller keisame, men fylt av gode og meiningsfulle opplevingar. Me trur gjerne at når me vaksne trives, så smittar det over på borna og gjer at dei også har det godt. Me har det i alle fall kjekt i lag med dei skjønna borna dykkar. Dei smeltar hjarta vårt kvar dag og kan sjarmera oss i senk. Me ser også at dei veks og utviklar seg på mange område. Dei veks reint fysisk, språket deira vert betre, nokre lærer å gå, andre skjønar grenser betre enn før og enkelte får større og større tryggleik. Dette er kjekt å sjå for meg som er innom av og til for å sjå korleis det går med barnehagen og snakkar både med barn og vaksne.

 Men tilbake til jula. Me kan ikkje heilt hoppa over desember…sjølv om det verkar som det er frykteleg lenge sidan…For då vart det både feira bursdagar og laga julesamling for de foreldre. Det vart baka pepperkaker til pepperkakebyen og til julekalender og det vart laga julepresangar osv.

 Før me går vidare og fortel om januar, må me få sei at me er svært glade for å få to nye jenter i Bergly etter nytt år. Det er 2 herlege tvillingar på 3 år som kjem frå Sagvåg og heiter Celina og Michelle. Velkommen til oss. Me er kjempeglade for å ha dei her hos oss!

 Januar har gjeve oss vekslande ver og føreforhold! Me har ikkje mangla nedbør, for å sei det slik og heldigvis har noko kome ned som snø! Så då er me ikkje seine med å koma oss ut med akebretta.

Men me må ut om ikkje det er snø også….ellers hadde det ikkje blitt mykje uteliv! Her er me på naturleikeplassen og vår eigen leikeplass: 

 20 januar fylte dei nye tvillingane våre 3 år: Og det måtte feirast :)

Ingen tvil om at det er 2 herlege jenter!

 Ellers denne månaden har me hatt fokus på kropp, rørsle og helse. Då har me lest frå Karius og Baktus og snakka om å passa på tennene våre. Me har bakt sunne rundstykke og vore ute uansett ver og vind….

Så har kanskje nokre av dykk fått med seg at me har fått ei ny dame i barnehagen. Ho heiter Sigrid og har praksisplass hos oss 3 dagar i veka. Me er glade for å ha Sigrid hos oss og ynskjer henne velkommen. 

Då nærmar våren seg med stormskritt og me ser fram mot ljosare tider, Me ynskjer dykk alle ein god februar. Og hugs: De kan alltid kontakta oss uansett stort eller smått de måtte lura på eller vil snakka om. (Kjersti mobil 45425901)

 På vegne av personalet i Bergly:

Kjersti

Berglyposten november 2016

November er ein månad med mykje forskjellig innhald. Men først av alt vil eg meddela at me har fått ei ny dame i praksis. Ho heiter Nina og er svigerinna til Camilla Spissøy. Ho skal vera hos oss til å skal byrja på norskopplæring. Velkommen til henne.

Me byrja november med vanlege haustaktivitetar og endar opp med å førebu til jul! Så her spenner me vidt.

Men øving på å læra norsk og snakka står alltid i fokus. Difor starta me denne månaden med å læra ord om dyr og korleis me lagar mat. Me har hatt kurs med PPT og lært at den beste måten å læra nye omgrep, er å ta berre eitt ord om gongen og snakka rundt det ordet 15-20 minutt. Eit døme er ordet HEST: Kva kan me sei om hesten? Jo, han har augo, munn, man, hov osv.  Så viser me gjerne bilete av ein hest eller har ein figurhest eller ser på ein ekte hest. Som her på tur langs Bjellandsvegen. Dette har vist seg å gje svært gode resultat. Og det vil me ha!

Me ser og høyrer at borna gjer stor framgang og gleder oss over det!

Det har vore ein månad med mykje regn og ruskevér. Men me sit ikkje inne for det. Enten leikar me ute på vårt eige område eller går me på tur. I regnet kan me finna på mykje kjekt. Til dømes kan me laga sølekaker og servera til dei andre… Her trur eg Hailey har smakt litt på bakverket!

Ein dag gjekk me til stadion. Her skjer det mykje spennande. Me kan både springa på banen og sjå på bygginga av den nye ungdomsskulen. Heisekranar, lastebilar og store gravemaskinar er kjempekjekke å sjå på!

Ein anna dag delte me gruppa i 2. Ei gruppa gjekk med Joann på tur i Gullbergskogen, den andre gruppa var med Ester og Ingebjørg i barnehagen. Lykketreffet den dagen, var at Stuastølen også var på tur i Gullberg! Då vart det felles lunsj i det gode kalde veret og kjekk leik der ungane frå Stua og Bergly fekk fin kontakt med kvarandre.

Me har feira 2 novemberbarn denne månaden. Nataniel fylte 1 år og Ignazio fylte 4 år. 

Og så var det berre å koma i gong med juleførebuingane: Første post på programmet er å laga noko til Pepperkakebyen. I år laga me eit stort hjarta med mange små pepperkaker som barna fekk vera med å laga. Etterpå vart det pynta med godteri og koselege bilete av barna.

 I tillegg laga Bergly ei prinsessevogn med hest framfor.

Så når alt var ferdig var det berre å få frakta det til Leirvik Sentrum og inn i huset der alle kan levera kreasjonane sine til Pepperkakebyen. I år er det i gamle butikken til Pettersen, vis a vis Adam´s frisør i Borggata. Ta dykk ein tur. Mykje kjekt å sjå. 

Bergly har allereie vore der. Ungane elskar det.

SÅ kom turen til å pynta barnehagen både ute og inne.

Advent er tidleg i år, så det var ingenting å venta med.Sidan det er travle dagar med dei små, var eg ein heil dag i Bergly og jobba med pyntinga. Det er SÅ kjekt når alt er kome opp, men sjølve pyntinga er minst like koseleg. Så då vart det julelys i eterommet. Julegardiner i stova på kjøkkenet og i soverommet. Trollhasselen fekk både julelys, glitter og stas og julestjerner og julestakar kom opp rundt omkring. Me elskar jula og vil at barna skal sitja igjen med gode og varme minner.

I samlinggstund syng me julesongar og øver oss til å syngja for dykk. Me har lese om engelen som kom til Maria.

Så siste spretten før desember månad var å få laga adventskalender, som er pepperkakhjarta med tal og pynt. Her kjem ein biletkavalade frå pyntinga. Så er det berre å venta i spenning på kven som får eit hjarta :) 

Me ynskjer dykk alle ei fantastisk førjulstid.

Me vil ha ei samling med dykk foreldre før jul. Me gjev nærare beskjed om det når det nærmar seg.

 Gode førsjulshelsingar frå Joann, Ingebjørg, Ester og Kjersti.

 Siste dag i barnehagen før jul er 22.desember og første dag etter nyttår er 3. januar                                                                                   

                                                                     

                                      

 

Berglyposten oktober 2016

Då har me hatt den finaste oktober månad så lenge dei eldste av oss i barnehagen kan hugsa! Og DET er lenge….Sol kvar dag og fin varme, kva meir kan me be om? Det gjer livet både ute og inne veldig mykje kjekkare enn viss det regnar og er kaldt….Me kan vera lenger ute, gå meir på tur og lunsjen kan me også eta ute! Heilt topp!

Her gjekk me til Andadammen og nytte lunsjen ute etterpå :)

Dagane i  barnehagen er ofte fyllt med små hendingar som å mata dyra, plukka egg og sjå på kaninene og hønene. Desse tilsynelatande små tinga, er med å gjera dagane til borna gode. Dei trives med å stabba omkring, leika i sandkassen, køyra gåbil eller trehjulssykkel og hjelpa Ingebjørg når ho tar seg av dyra.

 Inne leikar borna ofte me kjøkkenting, togbane, dokker eller lego. Å leika, er noko av det viktigaste borna kan gjera når dei er små. Her skjer mykje som er viktig for utviklinga til barnet på alle område. Difor legg me stor vinn på at frileiken skal få mykje rom og tid.

Av og til er det kamp om samme leken….då må me læra å dela, snakka med kvarandre istadenfor å slå og øva på å samarbeida. Dette året står sosial kompetanse i fokus hos oss 

 

     

Det er vurderingsområde vårt. Det vil sei at me trenar spesielt på å oppføra oss fint mot kvarandre, vera gode vener og bruka munnen når me vil sei noko. Det KAN vera vanskeleg, spesielt viss me ikkje kan snakka så godt enno. Me legg difor opp til språktrening med alle barna fleire dagar i veka, men spesielt med dei som har 2 (eller fleire språk). Få ting kan overgå viktigheten av å læra å snakka godt og tydeleg. Me vil difor oppmuntra dykk foreldre til å snakka med, lesa for og lytta til barnet når det vil formidla noko. Her vert mykje av grunnlaget lagt, for korleis dei klarar seg seinare i skule og samfunn!

Me har no lagt bak oss tida med tema frukt og bær og matematikk. Så fagområde me jobbar med no er Natur, miljø og teknikk. Me har i samband med det gravd ned (i kjøkkenhagen) eit eple, eit lauv og ein mjølkekartong. Då skal me sjå på om me finn noko av dette att til våren….og sjå på kva som kan ha skjedd med dei ulike tinga….Her er det mykje naturfag å læra….

Av og til likar me å gå til Leirvik på tur. Då går me gjerne innom Amfi. Her er kjekke leiker og me kan sitja ned å eta lunsj.

Då kosar ungane seg.

I samlingsstund legg me vekt på musikk og glede. Kva er kjekkare enn å svinga seg i dansen? Men me er også opptatt av å formidla forteljingar til borna. Denne månaden har me m.a. lest om «Den lille porten», «Sauen som vart borte», «David og Goliat» og «Unnskyld".

   

 

Avlsutningsvis vil me berre informera om at Esther Tejeda Tizoc har byrja å jobba hos oss i 50% stilling. Ho er ei veldig flink dame, opprinneleg frå Mexico, men er gift her i Norge og har lært seg norsk i ekspressfart. Ho har med seg guten sin Nataniel som me akkurat hadde plass til før det var heilt fullt. Velkommen til begge to.

Då er me i gong me november og me har fokus på fagområde «Kunst, kultur og kreativitet.» I samband med tida som ligg føre med juleførebuingar m.m har me mange høve til å jobba med dette området!

 Mvh Kjersti, Joann og Ingebjørg.

Har du spørsmål, ros eller ris, ta kontakt med oss direkte i barnehagen, på mobil 45425901 eller skriv ein mail kjersti.karlsen@sklbb.no

Berglyposten september 2016

Då er det gått enno ein månad av dette barnehageåret og me kan ikkje seia anna enn at tida går fooort! Men slik er det når dagane er kjekke og me har mykje å gjera på.

Me har gått på mange fine turar denne månaden. 1. september gjekk me til Andadammen. Endene fekk ikkje mat hos oss (stakkars)….Dei kjem alltid i mot oss i håp om å få noko. Men den gong ei. Men me hadde ein fin tur før lunsj og gjekk heim att og fann i alle fall mat til oss sjølve. Denne dagen steikte me egg. Dette er super populært og barna et og et! Veldig kjekt :)

På fleire av turane denne månaden har me plukka bjørnebær. Ein dag laga me syltetøy som me åt på skjeva til lunsj. Ein anna dag plukka me dei rett i magen. Begge deler er knallgodt! Bjørnebæra er veldig fine og gode i år sidan dei har fått mykje fin sol på seg. Her er ein lekkerbisken frå naturen som alle kan forsyna seg av heilt gratis. Bjørnebær oppvarma med sukker på vaniljeis….eg berre seier det: Det smakar ikkje betre på restaurant!

Me hadde også ein utruleg fin tur til Eventyrskogen onsdag 16.september. Her er det komen mange figurar etterkvart og mykje kjekt å sjå på. Å tutla inn over i skogen med ei slik fin gruppe små barn er berre heilt fantastisk. Nærare det gode liv er det vanskeleg å koma (tykkjer me som jobbar i barnehagen…). Me hadde lunsjen med oss, og åt godt og lenge før me gjekk heim att. Temperaturen var perfekt til å sitja ute i. Kva meir kan me be om?

Me har byrja å tenkja på farsdag….den er i neste månad. Men det er ikkje lenge til. Så i år skal pappa m.a. få eit fint håndtrykk på kortet sitt. Så då har me hatt

I samlingsstund har me lest frå barnebibelen m.a om den bortkomne sonen. Det handlar om at Gud tar i mot oss, sjølv om me har rota det til.. Songar me syng er m.a: Jesus elsker alle barna, Om jeg er liten eller stor, Bygge Guds rike.
 maledag med alle saman….ikkje alle har lyst å få maling på handa si….men me prøver. Vil dei ikkje så går det bra det og….

I september hadde me fokus på matematikk. Med så små barn så avgrensar me læringa til teljing og fokus på former (trekant, firkant, runding). Me tel fingrar, leiker og oss sjølv. Her har me synge ein og to og tre indianere og me har lese boka «Ti små fingrar».

21.september vart Betiel 2 år. Det vart feira med kaka, hattar og stor stas. Gratulera til henne!

Gullhaugen naturleikeplass er blitt godt oppgradert denne månaden. Kjersti har bygd opp att gapahuken i hun, det er blitt rydda vekk tre og buskar,  Naturleikekassen er har fått ny ramma og nye leiker. 

 
   

I tillegg har me gått til innkjøp av bålpanne og laga grusa tilkomst frå oppsida av haugen. No er det mykje lettare for Bergly å koma seg dit med barnevogner (jippi!) Me gjera litt stas på dette og markera det på fredag 7. oktober kl 14. Då vil me invitera alle foreldra til å koma å ta eta lappar og ta ein kopp kaffi i Gullhaugen Naturleikeplass. Vermeldingane er gode, så me sastar på ei kjempekjekk stund i lag med dykk og borna dykkar. VELKOMMEN.

Så ein ekstra gladnyhet til slutt: Frå dags dato (03.10) skal Ester Tejeda Tislevoll byrja å jobba hos 3 dagar i veka. Me vil styrka personalet for at dei vaksne skal få meir tid til kvar enkelt barn og ikkje minst til språktrening med dei som treng det.

Har det spørsmål eller tilbakemeldingar så ta enten direkte kontakt med barnehagen (mob. 47368587), Kjersti (mob. 45425901) eller foreldrekontakten Anne Lerøy (mob.47352627).

Mvh Kjersti, Joann og Ingebjørg

Berglyposten august 2016

 Med bilete av desse flotte potetene, som symboliserer at hausten er her, vil me ynskja alle velkommen til eit nytt barnehageår i Solsikkene Barnehager AS avd Bergly Familiebarnehage! Veksten har vore god, og det syner at det har IKKJE berre vore regn verken på forsommaren eller etterpå. Me har sett sola fleire gonger til og med, og då trengte me solbriller! Det har ikkje vore mykje bading på oss, men me var tur til Sponavikjo før ferien og grilla pølser og kosa oss!

 No i august har det kome fleire nye barn til Bergly og det har gjort at nokre av dei store har flytta opp til Stuastølen. Dei har hatt mange gode år i den kjekke og gode familiebarnehagen vår. Tusen takk for den gode innsatsen til Joann og Ingebjørg som kvar dag passar på at desse små har ein god kvardag.

Dei nye barna er som er komne til oss er: Ignazio, Bethiel, Amelie, Adam og Timoteus. Velkommen til oss!

Alle barna har hatt ei god tilvenning. Det har gått svært fint med alle! Bernhard har fått ein god ven :)

Lite grining og rask tilvenning og trivsel. Det er veldig kjekt for alle. Me har difor kome raskt inn med dei daglege rutinane med samlingsstund, turar og leik både inne og ute.

I samlingsstund fokuserer me både på å fortelja dei kristne forteljingar, syngja og be, samstundes som me lærer dei språk og matematikk. Me har øvd på å telja til 5. Då brukar me fingrar eller leiker o.l  Å knyta ord eller tal til konkrete ting er ein nøkkel i språktreninga. Dette gjev språkforståing. Viss ikkje vert berre ordet ein lyd, som dei ikkje nødvendigvis veit kva er. Å snakka mykje med barna og la dei vera omgjevne av språk, er svært viktig for utviklinga deira. Me kallar det språkbad :) DET er eit godt bad å gje dei!

Som kanskje nokre av dykk hugsar, så laga me kjøkkenhage i vår? 

Ja, no i august var tida inne for hausta det me sådde!

Me fann både store og små poteter, og alle fekk med heim. Desse potetene er SÅ gode at du kan eta dei utan noko attåt! Eg reknar me de har ete dei opp.
 Potethausting liknar på skattejakt. Me grev i jorda og er veldig spente på kor mange me finn under kvar plante.

I Bergly går dei på tur kvar veke. Turane er ikkje alltid så lange. Det er heller ikkje det viktigaste. Me kjem oss ut i frisk luft og får nye opplevingar i nærmiljøet.

Av og til vert det ein tur til leikeplassen i Øvre eller Nedre Hageby eller ein spasertur rundt Bjellandsvegen. Her kan me sjå på hestane til Jakob Bjelland. Andre gonger tar me ein tur til Vikahaugane. Her kosar alltid ungane seg på banen. Dei elskar å springa rundt og rundt

 24.august hadde me bursdagsbarn.

Då var det fine Joshline sin tur ut til å feira. Då var det marsipankake og full rulle. Ho vart då 2 år.

August er den månaden som bær og frukt blir modne. Det dreg me nytte av og går ofte og plukkar bær ved leikeplassen eller når me går på tur. Det er spesielt bringebær som lokkar her i området og dei er veldig gode og søte. Snart vert bjørnebæra også modne og då skal dei også finna vegen inn i munnen og ned i magen.

Me avsluttar dette brevet som me byrja: Med nokre gode barneandlet. Me ynskjer alle barn og foreldre eit godt barnehageår!

Har de tilbakemeldingar, så ikkje nøl med å ta kontakt!

Mvh Kjersti, Ingebjørg og Joann.

(Kjersti mobil 45425901, mail: kjersti.karlsen@sklbb.no)

Mai 2016

             BERGLYPOSTEN MAI 2016

Så låg april månaden bak oss og me har gått inn i mai månad med sol, varme, fuglekvitter og mange deilige vårdagar. Det er godt når våren endeleg kjem og me kan nyta dagane med varmegrader som gjer at me kan kasta jakka, eta ute og få farge på kroppen! Denne månaden har vi hatt fokus på kjøkkenhagen. No når endeleg frosten slapp taket, kunne me våga å så frø og setja poteter. Det spirer allereie både i mjølkekartongane og i den vesle åkeren vår. Det er alltid kjekt og spennande.

Og ikkje minst får barna eit lite innblikk i kor maten me et kjem i frå.

Rammeplanen seier noko om dette under kapittelet Natur, miljø og teknikk: « Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk.

Fagområdet skal bidra til at barna blir kjend med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vêr. Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utviklinger. I dette inngår kjærleik til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen.

Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal m.a

  • la barna få innsikt i matvareproduksjon»

På denne enkle måten vil me gje borna ei byrjande forståing av desse prosessane.

Mai er jo den store festmånaden i året. Då er det mange merkedagar og høgtidsdagar. Den største av dei alle er sjølvsagt 17.mai! Den feira me i barnehagen også. Då steikte me vafler, kokte pølser og åt is. Me hadde «17 mai» leiker, og hadde ein skikkeleg koseleg dag!

Eine veka i mai, hadde me 2 kjekke jenter frå Stord Ungdomsskule i arbeidsveka. Hedda Birkeland og Amalie Teigen Johansen gjorde ein kjempegod jobb med dei små.

Dei var aktive og flinke, men dei var overraska over kor slitne dei var då dei kom heim etter jobb: «Me hadde undervurdert kor hardt det er å jobba i barnehage!»  Ja, ja det er litt godt å høyra for oss som jobbar her kvar dag….;)

I den «vanlege» kvardagen har me som oftast ei samlingsstund eller songstund. Denne månaden har borna m.a. fått høyra om Lasarus som Jesus vekte opp frå dei døde, Gideon som måtte læra å stola på Gud, Daniel som Gud berga frå løvene i løvehola og mannen som bygde huset sitt på fjell.

Etterpå går me som oftast ut og mater dyra, plukkar egg og leiker.

 Nokre dagar går me  ein tur i nærmiljøet. Denne månaden har me gått til Andadammen, leikeplassen i Nedre Hageby og leika på leikeplassen i Øvre Hageby.             

 Ja, då har de fått nokre glimt frå kvardag og fest i Bergly Familiebarnehage. Me kunne fylt eit heilt album kvar månad med gode og skjønne bilete av dei fine borna dykkar,…men må avgrensa oss!

Mvh. Joann, Ingebjørg og Kjersti 

Mars/april 2016

Ja, så gjekk det 2 månader denne gongen før me fekk skreve brev. Av og til går tida reint i frå oss….og me var komne langt ut i april før eg oppdaga at brevet for mars ikkje var skreve. Så då tenkte eg at me tar like godt og samlar mars og april i eitt brev.

I mars var det 2 store hendingar som prega månaden. Det eine var karnevalet og det andre var påskefeiringa.  

Men først må me ta med eit bilete av minstejenta vår som fylte 1 år i mars, godjenta vår Hailey,og vakre Deborah som vart 4 år  

Bursdagar er noko av det kjekkaste borna feirar! Då er den enkelte i fokus og det er stor stas og ein viktig dag for dei!

Difor legg me stor vekt på å gjera dette til ei kjekk og fin stund for alle.

Borna gleder seg svært mykje til karnevalet. Å kle seg ut er alltid gøy. Og så er det spennande å sjå kva dei vaksne kler seg ut som….av og til lurer dei på om det er oss…eller? På førehand laga me rytmeinstrument til sambamusikken. Då er det med enkle middel som ein bretta papptallerk, som barna har fått måla på.  

Den vert deretter fylt med erter. Dette fungerer supert til å laga rytmar med! Så på karnevalsdagen hadde me musikkbarnehage med MYKJE lyd og glede. I tillegg hadde me leiker som potetløp, sugerørløp i glas, ballkasting og til slutt: GRANDE FINALE: Slå på pinjataen til godterien kjem fykande ut. Så er det stor fryd og glede med mykje  godsaker.

Lunsjen var også ekstra god denne dagen: Me åt smørbrød og youghurt med banan og is til dessert. Ein sann festdag i barnehagen og barna hadde det kjempekjekt.

 Resten var månaden var det påsken som fekk fokus. Me hadde om påskeevangeliet i samling og lagde til påskedekorasjonane som dei fekk med heim. Ein dag måla me kartongane til karsen. Ein dag seinare vart det sådd frø. Alt dette er viktige prosessar som barna får vera med på og lærer av. Dei får sjå korleis frøet som vart lagt i bomull, byrjar å spira berre det får lys og vatn. Me trur at dette er også viktige små frø inn i barna sitt sinn, der dei etterkvart vil læra kor maten kjem frå og at dei sjølve også kan så og dyrka sin eigen mat ein dag.     

 Påsken kom tidleg i år, så me måtte berre svinga oss rundt å få gjort det me hadde planlagt. Innhaldet i påsken er veldig konkret og har mange gode innslag som me deler med borna. Eitt av høgdepunkta er fotvaskinga. Då les me først historia då Jesus vaska disiplane sine føter. Dette er  kjærleikshandling som me vil at borna også skal få oppleva. Så tradisjonen tru, kom førskulegruppa ned frå Stuastølen og vaska føtene til dei små. Dette er ei veldig fin stund både for barna og oss vaksne. Berre den som har opplevd å gjera dette, veit kva det går i.  

 Me deler også nattverden med dei. Då får dei saft og kjeks som eit symbol på Jesus og det han har gjort for oss. Då bur han ikkje berre i hjarta, men også i kroppen! 

 Avslutningsvis før påske, inviterte me begge barnehagane til påskefest på Stuastølen.

Då kom godveret akkurat då me trengte det! Klokka 14 kikka sola fram og kasta ein nydeleg glans over arrangementet vårt. Det kom mykje folk og det såg ut som alle koste seg. Pølser, lappar, kaffi og saft gjekk ned på høgkant. Og me fekk ein fin inngang til påskefeiringa.   

  April har vore ein god månad med mange dagar med sol og godt utevér. Ikkje alltid så varmt, men likevel byrja me å kjenna at våren er på veg. Då er det fint å ta nokre turar i nærmiljøet og leika på andre leikeplassar. Me likar oss både på leikeplassen i  Øvre  og Nedre Hageby. Vikahaugane er også populær. Her inviterer den fine banen til ein god springetur! 

I Øvre Hageby møter me også andre barnehagar på tur. Ein dag kom Skogatufto og me kosa oss saman med dei barna. Naturleikeplassen som Alexander og Kjersti laga til då dei var studentar, er attraktiv med mange kjekke og gode motoriske utfordringar. Her kan dei klatra, reila, balansera, svinga seg i Tarzantau og leika med pinnar og stokkar frå naturen osv. Så her er det ofte barn som kjem. 

 Eitt av høgdepunkta denne månaden var lamminga på Stuastølen. Då åt me likeså godt frukost på Stua før me gjekk 2 barn og ein vaksen i fjøset for å sjå på lamma. Dette er høgtidsamt. Her må me gå stille, for no er stallen ei fødestove og me må ta omsyn til dyra. Dette trur me også er god læring for barna. Naturen har sine reglar og me må vera varsame så me ikkje skremmer verken sauemor, lamma eller den drektige søya. Men gjer me alt rett, så er lamma tiliitsfulle og kjem bort til oss. Enkelte hoppar ut i krybba og bit gjerne litt på kleda våre også. Me tar oss god tid, slik at barna skal få gode opplevingar og minner for livet.  

Då syng me bæ, bæ lille lam…

 Og ute står hestane og vil også ha merksemd….Det får dei gjerne :)

Då står mai for tur og me ynskjer alle ein god månad! Ta gjerne kontakt med oss viss det er noko du lurer på eller vil gje oss tilbakemelding om.

Mvh Joann, Ingebjørg og Kjersti  

Berglyposten februar 2016

Ja, då starta februar med ei veldig kjekk hending:

Me fekk ein ny flott gut i barnehagen, som opprinneleg kjem frå Ungarn. Han heiter Bernhard og er 3 år gammal. Han skal læra seg norsk, men for å hjelpa han litt i barnehagen har me fått nokre ord frå mammaen hans på ungarsk. Det er smart. Då er det lettare å finna seg til rette, når ein får høyra ord på sitt eige språk når me t.d skal eta, drikka, gå ut osv.

Men me har fleire kjekke barn i barnehagen. Og ei av dei fine jentene våre feira nettopp 2 års dagen sin med kaka og krona. Jento og kako sloss om kven som var finast! Men det var jento som vann, sjølv om kako også var flott! Det kan de jo berre sjå på bilete.

Ute regnar og snør det om ein annan. Men det er heldigvis nok snø både til å aka og laga snøfigurar. Ungane elskar snøen og har det mykje kjekt ute på slike dagar. Dei har laga snøsau, snølam og snøkaka ispedd litt sand…Berre fantasien set grenser.

På formiddagen får dyra mat og egga vert henta. Bernhard er veldig glad i å vera med til hønene.

 Denne månaden var det morsdag. Og borna fekk laga kort og mala på syltetøyglas.

Dei kosar seg når dei får laga noko med hendene sine. Me vil at dei skal få oppøva kreativitet og let dei få gjera så mykje så mogeleg sjølv. Dei er både glade og spente når dei får heim gåvene til dykk!

Mange gonger har me besøk frå Stuastølen. Dei likar seg godt i Bergly og vil gjerne vera saman med dei små. Her er 3 av dei.

 Ein anna dag fekk me besøk av to store jenter som gjekk i barnehagen før: Amalie og Linn Elise. Det var stor stas. Kjekt å sjå att dei som har gått her før. Flotte jenter.

 Forutan spesielle aktivitetar, så har me alltid ei samlingsstund om morgonen. Då får barna gjerne høyra ei forteljing frå barnebibelen eller ei anna bok. Denne månaden har me m.a. lese om når Jesus lækjer ein blind tiggar, det første mirakelet og offiseren som trudde.

Me har også lest boka «Trompet, den lille elefant» Dessutan syng me mykje og har av og til musikkbarnehage med instrument.

 Å gå på tur enten me skal handla på Rema eller leika på ein anna leikeplass, så er det ein viktig del av innhaldet vårt i barnehagen. Barna får både motorisk trening, styrke i beina, mykje frisk luft og oppøving i å høyra etter og passa seg i trafikken. Me trur alle delene er like viktige. Difor er me mykje ute i våre barnehagar.

 Då avsluttar me brevet med bilete frå ein handletur på Rema med pause hos «litt graving» før me tok turen heim att! Me ynskjer dykk ein flott mars månad og reknar med at det snart vert både fuglesong og blomespirer.

Mvh Joann, Ingebjørg og Kjersti

Berglyposten januar 2016

Berglyposten januar 2016

Ja, så har me allereie brukt opp ein månad av det nye året! Det har gått fort og me er godt i gong igjen etter jula. I Bergly har me vore så heldige at me har fått 2 nye born denne månaden. Det er kjempekjekt. Superskjønne begge to.

Velkommen til oss :)  

Denne månaden har det vore mykje deilig akever. Endeleg kom snøen og me kunne få bruka akebretta våre og leika i snøen! Fins det noko gøyare for små barn? Då er det berre å pakka på oss mest mogeleg varme klede og koma oss ut!   

Og snømann må til, eller var det ei snødame? «Mannen» var iallefall døypt for  Elsa! Godt utstyrt med både munn, nasa, auge, hatt og armar…Ingen fare her :) Ei av jentene falt pladask og bøygde seg bort og gav snømannen ein suss! Veldig søtt. Kjærleik ved første blikk …(det går an å bli glad i ein snømann og..;)

Ein dag etter at me hadde vore ei god stund i snøen gjekk me inn og lagde osteskjever i ovnen. Litt ketchup på og me har fest. Nam, nam. Det gjekk ned på høgkant.

 I samlingsstund har me lest i barnebibelen, me har hatt musikkbarnehage og dansestund, språktrening og sangleik (bjørnen sover)  

Borna svingar seg gjerne i dansen…

På formiddagane får dyra mat når me er ute. Og me plukkar egga i hønsehuset. 

 Av og til går me på handletur til Rema….Her er me ute på glattisen på veg mot  butikken.

Då står februar for døra og me ser fram mot lysare tider og våren som etterkvart dukkar opp. Pass på at barnet ditt har godt med varme klede (helst ull no om vinteren) og gode sko! Har du spørsmål, ris eller ros så ta gjerne kontakt på telefon (45425901) eller mail kjersti.karlsen@sklbb.no

Med venleg helsing Ingebjørg, Joann og Kjersti 

 

Oktober månad i Bergly Familiebarnehage

BERGLYPOSTEN OKTOBER 2015

Ja, så er ein ny månad omme allereie. Det har vore ein ny flott månad med det beste været på 150 år!  Det har gjeve oss dag etter dag med høve til å vera mykje ute og leika og gå på tur. Varmen gjer det også godt å vera ute.

Når me er ute, matar me også dyra i barnehagen. Både hønene og kaninene er til stor glede både for barn og vaksne. Ungane kosar seg med å vera med på mating og eggplukking. Dyra skapar eit eige miljø som er godt for barna. Dei skapar trivsel. Me har også plukka bær denne månaden. No er bjørnebæra modne og sidan været har vore så godt, så er dei søte og gode. Det er mykje bjørnebær rundt oss, så det er berre for alle å ta turen og plukka….oppvarma bjørnebær i lag med vaniljeis…nam nam..

Men før me går ut om dagane, tar me oss god tid til å eta frukost, ha språktrening, matematikk øving, samt pusling og teikning. 

Denne månaden har me jobba med kortet og gåva til farsdag. Den kan de gleda dykk til. Farsdag er allereie komande søndag (8.11) og me vonar de får ei fin stund med borna og rundt det dei vil gje til dykk.

I samlingsstund gjer me litt forskjellig. Fokus denne månaden har vore på fagområdet Natur, miljø og teknikk. 

Då har me snakka med borna om kor me får maten frå, samanhengen mellom det me sår og det me haustar og kor viktig det er å ta vare på naturen. Nokre dagar les me bok som «Moses i sivet», «Den barmhjertige samaritan», «Guten som ropte ulv, ulv», «Lillesøster» og «Korleis maten blir til.» Ein dag hadde me ein kjempekjekk musikkbarnehage, ein anna dag kom Kjersti med gitaren og spelte og song med borna i samling. Me syng mykje i barnehagen og alle elskar musikk og fart!

Ynskjer alle ein god og lys november.

 

September månad i Bergly Familiebarnehage

 Ja, så er det allereie gått ein heil månad til av hausten. Med dette flotte veret me har, er det fantastisk kjekt å både vera i barnehagen og jobba her. Me kan vera mykje ute utan å bli kalde og våte. Det er godt for alle og me nyttar dagane så godt me kan og får mykje frisk luft. Me har ete lunsj ute nesten kvar dag denne månaden! Det veit eg ikkje om har skjedd før! Når me er ute er det også tid for å mata dyra og sjå på dei. Kaninene er ute rett som det er. Dei hoppar omkring og er ikkje lette og fanga…mange har prøvd seg… Men dei er SÅ raske.

Elles har me jobba med matematikk og byrja på farsdagskorta….dei skal ikkje vera ferdige før november. Men det er godt å vera ute i god tid. Dei skal bli fine og kjekke og kan me ikkje skunda oss! Presang skal det også bli.

Ein dag gjekk me på tur til leikeplassen i Nedre Hageby. Lunsjen var med. Det er kjekt å koma til andre leikeplassar og prøva nye leikeapparat. I tillegg får alle seg ein luftetur og litt mosjon. Det er godt for både kropp og sjel. Etterpå tok Heidi med seg dei 3 største og var med Stuastølen i gymsalen på Leirvik skule. Dette er ofte toppen på kransekaka for barna. Her er eit stort golv og barna kan få springa så mykje dei vil. Her får dei store ekstra trening på motorikk og utfordringar som springe-, krype-, åle-, og gå baklengs- konkurranse. Å klatra i ribbeveggen og hoppa på tjukkasen er ALLTID kjekt.

Me har også feira bursdag denne månaden. Adrian vart 4 år og fekk fin krone J Han hadde med muffins som visst var knallgode. Bursdagar er store merkedagar for barna. Dei får ekstra merksemd og blir gjort stas på. Dette tenkjer me er uendeleg viktig for dei.

Seinare i månaden byrja bjørnebæra å modnast. Fleire gonger på tur, så har me plukka og ete. Sidan det har vore mykje sol, er dei søte og gode. Ta dykk ein tur med familien og plukk. Dei er nydelege når dei er oppvarma på vaniljeis. Det er mykje av dei både i Øvre og Nedre Hageby. Så berre plukk.

På førre tysdag, etter samling og matematikktrening, så tok me alle i bussen og køyrde til Hystadmarkjo. Dette er ei perle på Stord med mange idylliske stader å leika. Me hadde med oss bøtter og spader og landa i til slutt i Apalvikjo. Veret var strålande. Me åt lunsj der og hadde ein super dag.

I samling denne månaden har me lest litt forskjellig, men i det siste har me fokusert ei bok som heiter ”Ynskyld”. Dette er eit ord som er viktig å læra seg å seia. Ikkje berre med munnen, men også med hjarta. Det legg me stor vekt på i våre barnehagar: Har me gjort noko dumt, så er et viktig å innrømma det og kunne sei tilgje meg…

 

Har du tilbakemeldingar: ris eller ros ikkje nøl med å ta kontakt.

 

Mvh Kjersti og Ingebjørg