STUAPOSTEN AUGUST 2017

Velkommen tilbake til nytt barnehageår! Me håper alle har hatt ein flott og god sommar sjølv om vestlandssommaren ikkje har vist seg frå si beste side. Me har starta opp dette barnehageåret med ei veldig fin barnegruppe. Me har fått opp ein flott gjeng med born frå Bergly. Desse borna kjenner både born og vaksne godt så tilvenninga har gått veldig fint! Borna verka glade for å kome til Stua og trygge i situasjonen! Nye vennskapsband er allerede knytt.

Tove Iren Notland er nytilsett. Ho skal jobbe ein dag i veke i barnehagen.Elles er Kjersti, Aleksander, Rebekka og Camilla her som før. Anne Beth Østensen jobbar som spesialpedagog i barnehagen.Me har nytta den første månaden til å bli godt kjend med kvarandre og til å kome inn i rutinane i barnehagen! Leiken i barnehagen er veldig god! Leik med dokker og kjøkkenting er veldig populært. Det same er bilar og duplo. Borna bruker flittig alle romma i barnehagen og ofte finn dei ein stad der dei kan leike uforstyrra. Me vaksne legg til rette for god leik, deltek og støtter i leiken der me ser det er naudsynt.

Flott er det å sjå ein gjeng som har ein god leik med dokker og kjøkkenting og dei samtaler seg i mellom på engelsk :) Rammeplanen for barnehagen seier at leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen og at eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, venskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.

Rammeplanen seier vidare at personalet skal blant anna skal organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik og at personalet skal observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar.

Me har vore mykje på tur denne månaden, både i Stuaskogen og i nærmiljøet. Me har hatt veldig mange fine turar. Maten tek me med oss og me legg til rette for turar tilpassa barna. Dei yngste går gjerne ein kortare og mindre krevjande tur enn dei eldste. Gullbergskogen, Ådlandsvatnet, Sherpatrappene, Lundarstølen, Eventyrskogen, Sponavikjo og Gullhaugen er plassar me har besøkt.

Me har funne mykje blåbær i skogen og me har plukka både i kopp, på strå og rett i munnen. Kjempegode har dei vore :-) Me har laga ein del syltetøy som me har kost oss med til lunch!

Bringebær har me funne langs vegen og plommer har me hausta i hagen til Kjersti og Karstein.

Rammeplanen seier at barnehagen skal leggje til rette for at barna skal få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen jobbar aktivt med språkstimulering gjennom heile barnehageåret.

Rammeplanen seier at barnehagen skal bidra til at barna får utforske og utvilke språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekst frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til ar barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrighet, bevisstheit og utvikling.

Me jobbar aktivt med språktimulering i det daglege arbeidet. Me jobbar mot at alle skal delta aktivit i samlingsstundene våre, me set ord på det me held på med i det daglege og me brukar måltida aktivt til språkstimulering. Her hjelper me kvarandre med å sende pålegg, me samtaler rundt det me er opptekne av, me kan fortelje vitsar, lese ei bok eller ha kviskreleiken.

I neste månad skal me starte opp eit språkprosjekt som heiter «Grep om omgrep» Dette er eit prosjekt me har i samarbeid med ppt. Me vil dele borna me ser treng ekstraspråkstimulering i grupper og jobbe med eit omgrep i kvar arbeidsøkt. Til dømes kan «sau» vera i fokus ein dag. Då finn me fram ein leikesau eller går ut og ser ein ekte levande sau, me finn ull dei får kjenne og lukte på, me studerer utsjånad og prater om alt me kan knytte opp mot sauen.

Andre omgrep kan vera støvlar, mugge, genser, o.l. Me har jobba på denne måten tidlegare og me ser borna har stort utbytte av det. Testar viser at dei gjer stor framgang i omgrepsforståinga.Fagområdet mengd, rom og form vil me ha ekstra fokus på i neste månad.

Me er allereie i gong med å telje og å sjå på dei ulike formene som trekant, firkant, sirkel og kvadrat. Kanskje barnet ditt kjem heim og fortel om parallellogram.

Er det noko du tenkjer på eller undrar deg over er det fint du gjev oss ei tilbakemelding. Me set pris på både ris og ros for å gjere ein god jobb i barnehagen! Kontakt oss gjerne på mob

45425901 eller e-post: kjersti.karlsen@sklbb.no

 

 

STUAPOSTEN MARS 2017


 Då nærmer påsken seg med stormskritt. Me har jobba mykje rundt dette temaet i mars. Påsken er tema i samlingane og me tek opp ulike emne knytt opp til påsken. Song er alltid med og me ser at borna er med og dei syng for full hals.

 

Påskesongane våre er:

  • Deg være ære
  • Hosianna, kongen toger inn
  • På Golgata stod det eit kors
  • Dine hender er fulle av blomster

 Jesus vaska føttene til disiplane sine. Dette har me og gjort. Dei vaksne i Stuastølen vaska føtene til borna dykkar og smørte dei inn med god krem. Seinare fekk dei eldste borna våre gå til Bergly og vaske føtene til borna der. 

 Skjærtorsdag hadde Jesus det siste måltidet med disiplane sine, nattverd. Me har hatt dette som tema i samling der me avslutta med at borna fekk brød og vin (saft) slik som Jesus gjorde det.

 Når me starta opp med temaet om påske så undra me oss saman om kva påske er. Borna var enige at påsken er påskeegg, påskehare, kyllingar og godteri. Me hadde undra oss lenge rundt temaet før eit av borna kom på at påsken handlar om Jesus. At han døydde på korset for vår del, at korset opna ein ny veg til Gud. 

 Fagområdet kunst, kultur og kreativitet er og med i påskearbeidet vårt. Me har jobba saman med borna med å lage påskebileter og me held på med å lage påskedekorasjonar. 

I fjøset nærmer det seg og påske. Lamminga er i gong! Me går ned og helser på dei i små grupper. Drektige sauer og nybakte mammaer treng ro så me har fokus på å vere rolege. Det er nesten magisk å kome ned i fjøset. Stemmene er rolege og me lister oss inn. Sauene tek i mot oss og vil gjerne kose. Lamma er litt redde, men dei nærmer seg forsiktig når me strekk ut handa mot dei.

 Men ikkje alle sauene syns det er like kjekt med besøk. Ei nybakt mor med lam som bare var timer gammal stod å trampa når me nærma oss. Då er det bare å gå vekk og kose med dei sauene som elsker å bli kosa med!

 Mars har ikkje bare handla om påske. Me har gjort mykje anna. Som når me grave ned alle ungane i sandkassen, og gjorde barnehagen om til ein hage med born.

 Eller då me hadde egg som tema i samling. Eggeskal, kokt egg, eggerøre, speilegg, høne, eggeplomme og eggekvite var noko av det me snakka om. Til slutt testa me kor hardt eggeskalet er. Og det var mykje. Heile 40 bøker klarer fire egg å bære!

 Borna har fått prøvd seg litt med verktøy. Hammar og spiker er veldig populært. Nokre har prøvd seg med spikkekniv og nesten alle har saga ned greiner som me har gitt til hestane!

 Fleire og fleire born er opptekne av bokstavar. Me har skrevet bokstavar på melkekorkar. Desse er veldig kjekke. Borna lager navnet sitt, leikeskriver og nokre leser enkle ord me set saman. Me lærer namn på bokstavane og lydane. Her er mykje læring gjennom leik! 

 Barnehagedagen vart arrangert på museumet 14 mars. Her samlast dei eldste borna frå alle barnehagane på Stord til ulike aktivitetar. Temaet er gamle dagar og det er knytt opp mot «Per» som har for små klede. Han treng hjelp til å lage nye. Me var hjå skreddaren som sydde, me fekk vere med å kare ull, me såg korleis ulla vert farga og me var med på songleikar. 

Penger fekk me og så me kunne kjøpe oss boller og godteri!

 Fridagar våren 2017:

Onsdag 12. april- feridag

Torsdag 13. april- skjærtorsdag

Fredag 14. april- langfredag

Mandag 17. april- 2. påskedag

Mandag 1. mai- offentleg fridag

Onsdag 17. mai- grunnlovsdag

Torsdag 25. mai- Kristi himmelfartsdag

Fredag 26. mai- feriedag

Mandag 5. juni- 2. pinsedag

 

Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko de lurar på eller undrar deg over! Mob 454 25 901, Mail kjersti.karlsen@sklbb.no

 

STUAPOSTEN FEBRUAR 2017

Då er vinteren forbi og våren har meldt sin ankomst. Nett no snør det lett ute og snøen legg seg lett i graset. Ikkje mykje som minner om vår med andre ord. Men me ser fram mot lysare dagar, varmare vær og mykje sol! Og ikkje minst så gleder me oss til dei varme vinterkleda vert bytta ut med jakke og joggesko.

Me har hatt ein flott månad i barnehagen med mykje på programmet. Morsdagen har hatt stort fokus hjå oss. Me har jobba med gåve og kort til alle dykk flotte mammaer. De er dei viktigaste personane i borna sitt liv og me vil setje ekstra stas på dykk. Borna jobba med stor iver og glede for å laga fine ting til dykk. Rammeplanen for barnehagen fortel blandt anna at barnehagen skal bidra til at borna tar i bruk fantasien sin, kreativ tenkning og skaperglede.

Me tenkjer det er viktig at me kjem oss ut på tur slik at me kan gje borna nye erfaringar og opplevingar. Rammeplanen for barnehagen seier at barnehagen skal bidra til at borna opplever glede ved å ferdes i naturen, at dei opplever naturen og at borna får undre seg over naturen sitt mangfald. Me har ei fantastisk flott rundløype i skogen. Me går innover skogen på skogsvegen før me går inn på stien. Hjorteskogen kaller borna den då me ser mykje hjortespor der.

Innover stien må me hoppe over små bekker, me klatrer over nokre trær som ligg rotvelta og me må velge om me skal klartre litt opp i skråningen for å unngå all gjørma eller om me skal trakke gjennom gjørma. Det kan vere spennande å trakke i den. Forsiktig trør me i gjørma og me kjenner gjørma legg seg rundt støvelen. Kjem me vidare? Heng me fast? Desse små tinga betyr mykje for borna og skaper gode opplevingar og minner.Me har vore fleire turar iGullhagen (leikeplassen ved Bergly) Her er eit fantastisk leikeområde. Borna stortrives når dei får leike i naturen. Her er pinner, klatretau, balansetau og mykje meir. Fantasien set ingen grenser for leiken.

Lunchen tek me med oss, anten det er vanlg brødmat eller me lager noko ekstra godt på bålet. Borna skal ha medverknad på innhaldet i barnehagen. Barnehagelova seier at borna i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege virksomhet. Barna skal jamnleg få mulighet til aktiv deltaking og planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Me tek borna med på planlegging av aktivitetar og turar. Ut frå alder og modning kan dei vere med å bestemme innhaldet. Det kan vere dei bestemmer kva og kor dei vil leike med, kva bok me skal lese eller kvar turmålet vårt skal vere.

Andre dagar ser me kva borna er opptekne av og legg andre planer til sides slik at dei kan utvikle leiken sin. Det er viktig å gripe fatt i øyeblikket. På tur innover skogen kom me til eit område ved hytta der det var mykje is. Me stoppa for å skli og då me såg kor utruleg kjekt borna hadde det valgte me å bli der. Me aka, sklir bortover isen, me studerer isen og iskrystallane og me tester kor tjukk den er. Me opplevde dette som ein god dag saman med borna og det fekk me bekrefta då dei ikkje ville gå tilbake til barnehagen. Borna har seinare mimra om denne turen når me har gått forbi der!

Kong Harald har nett fylt 80 år. Me prata litt om det på morgonen og det var noko borna blei veldig opptatt av. Så me valgte å dagen på å feire kongen vår. Me heiste flagget for han, me song både bursdagssong og kongesong, me teikna til han og me lagde eit nydeleg bursdagsbilete med gode ord. Teikningane og bursdagsbilete har me sendt til slottet så no er det berre å vente på svar!

Høgdepunktet i februar har nok vore karneval. Det er alltid kjekt med utkledning, ansiktsmaling, dans, instrument og pinjata. Fest frå morgon til kveld!

Då ynskjer me alle ein god start på våren med ein god og ljos marsmånad 

Ta gjerne kontakt med oss i

barnehagen om det skulle vere noko. Me vil gjerne ha

både ris og ros.

Mob 454 25 901 eller E-post: kjersti.karlsen@sklbb.no

 

 

NOVEMBER 2016, STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

Nok ein månad lagt bak oss og no nærmar juletida seg med stormskritt. Førebuinga har allereie starta for store og små på Stua, og det merkast både ute og inne. Været har og, ikkje heilt uforventa, vorte ein del våtare, stort sett til glede. Sand og vatn er ein populær kombinasjon, og det ser me att i leiken til borna ute. Det vert laga lange kanalar for vatnet til å renne i. Mange jobbar saman om å hente vatn og lage ein stor dam i sandkassen for båtane, mens nokre kosar seg med ei bøtte og spade sjølve. Båten vert fort attraktiv etter ein våt regndag då det er godt med vatn som samlar seg der, noko dykk med born som er glade i vatn sikkert kjenner godt til.. På nokre av dei kaldare dagane har dammane frosset til is, det er rim på borda og akebretta vert dratt fram for å sjå om det er nok, og ein får faktisk litt fart til stor glede!

 Inne så har me tatt fram julegardiner, stjernene har komen i vindauga, og trollhasselen vår har fått julelys og. Under den står den flotte julekrybba vår, som borna kan få leike med, noko som har vore nytta godt av dei mindre.Juleførebuinga startar tidleg i barnehagen. I november har me fokus på kunst, kultur og kreativitet, som passar godt saman med alt som skal gjerast og ordnast. Me har vore i skogen der me sanka ulike materiale til å pynte juletreet vårt ute. Kvister, kongler, mose, høy og meiseboller. Dette saman med den vanlege julepynten var med på å skape eit kjempeflott tre som me er svært nøgde med!

 Til frukost har rista skive vorte svært populært for tida, og det er ikkje ein einaste stund om frukosten der brødristaren for stå ifred. Det har faktisk vore så stor kø, at me har kjøpt ein ny brødristar som kan ta fire skiver på ein gong.. så nå vert det ikkje ventetid for å få gode, varme skiver til frukost!

 Me jobba iherdig med prosjektet vårt til ustillinga på Leirvik, eller til «Pepperkakebyen». Både store og små var med på å «snikre» saman den flotte skuta vår, og pyntinga har borna teke seg av. Me er godt nøgde med resultatet, og borna viste stor glede då me alle var med og leverte verket vårt!

Etter dette starta me på pepperkakene me skal nytta i samanheng med adventskalenderen vår, der borna er med på heile prosessen! Det er og mange nye ord og utrykk som dukkar fram i denne samanhengen, som kjevle, deig, melis, glasur.. Me sett ord på det me jobbar med, når me jobbar med det.

Borna får då knytta orda opp til gjenstandene, og dei får ein betydning for dei. Slik ser kjevla ut, dette nyttar me ho til.. Dette er ein god metode for å styrke vokabularet til borna, og me nyttar det aktivt i samlingane våre der me tar opp eit tema, til dømes «Kjevle», der me så snakkar vidt og bredt om dette, skriv ned det me seier, ser på bilete, høyrer på lyder etc.

Sjølv om det er mykje me skal gjere i juletidene, så er det og viktig at me ikkje glømmer kjerna i kvifor me feirer jul. Dette har me satt fokus på, og me har spurt borna «Kva er jul, og kvifor feirar me det?». Nett kvifor er kankje ikkje det som er det første dei vil fortelle, MEN at me får pakkar, det har dei fått med seg! Nett kvifor me feirer jul er det ikkje alle som er like sikre på. Samlingsstundene har vorte ein arena for dette, der me snakkar om tida før jul - før Jesusbarnet kom til verda, som me og vil gå endå nærmare inn på når Desember kjem. Kjersti har tatt fram sine kunstneriske evner og har måla eit stort flott bilete av Jesusbornet, Maria og Josef, som står i gapahuken vår i «Gullhaugen» - området ved leikeplassen ved Bergly.

Skulegruppa var på julevandring i Stord Kyrkje der dei fekk høre om dette, og vart med og dramatiserte . Spanande!

Me har og hatt besøk av ein knakande kjekk ungdom som heiter Marius. Det er storebror til Samuel og David som går i barnehagen, som var her i arbeidsveka. God, hjelpsom og flink med borna, og vil verta sakna av både store og små. Du er velkommen att!

 Har du spørsmål, ris eller ros ta kontakt med oss direkte, på mobil 45 42 59 01, eller send oss ein mail; kjersti.karlsen@sklbb.no

Ellers vil me ynskje dykk alle ei god tid før jula, prøv og ikkje stress for mykje med alt som skal ordnast, og ta vare på dykk sjølve og dei nær! Avslutningsvis vil me og bornehagen har ope til-og-med den 22. desember, og opnar att den 3. januar. Det vil og være eit julearrangement for born og foreldre som me vil komme tilbake til med ein e-post seinare.

OKTOBER 2016, STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

Då har me lagt bak oss ein månad som verkeleg har bada i sol og nydeleg haustvær. Me har vore mykje ute i det nydelege været. Borna koser seg veldig ute på leikeplassen med reilene, traktorar, sandkassa og god rolleleik. Reilene er veldig populære og farten vert stor! Dei som enda ikkje har lært seg teknikken har fått hjelp. Gleda borna syner når dei etter mykje øving klarer det sjølv er nesten ubeskriveleg. Me vert like stolte som borna!

 Me starta oktober med ei fin samling med dykk foreldre i Gullhaugen. Borna gledde seg fleire dagar på førhand og dei var med på førebuingane. Bær måtte plukkast og syltetøy skulle lagast. Bålpanna måtte komme på plass og bål skulle lagast! Kjersti hadde laga 10 liter med lappekakerøre. Og til vår store øverasking gjekk all lappekakerøra med. Me håper dåke hadde det like kjekt som oss!

 Me har prøvd oss på den nye turvegen rundt Ådlandsvatnet. Ein kald morgon kledde oss i gode og varme klede og då me kom ut såg me noko kvitt på borda på leikeplassen. Snø sa borna i kor og skunda seg avgårde for å studere det, ta på det og smake litt. Alle var enige om at snøen var kald, fingrane var kalde og me fann vottar til alle saman! Turen gjekk innover i skogen og ned til Ådlandsvatnet. Me gjekk langs vatnet til me fann ein fin stad me kunne stoppe å leike, klatre, springe og ete lunch. Her fann me og rim på borda, nok til å lage snøball :-)

I barnehagen jobber me med ulike ting. Me har både strukturerte og ustrukturerte aktivitetar. Det er stor rom for borna sin eigen leik. Lego, bilar, tog, kjøkkenting er populære leiker. Å leika er noko av det viktigaste borna gjer når dei er små. Her skjer det mykje som er viktig for utviklinga til borna på alle områder. Me støttar borna i leiken. Nærast dagleg vert det konfliktar i leiken. Til dømes vil to barn ha den samme leika eller at nokon har øydelagt for nokon andre. Då bruker me tid til å høyre på kva som har skjedd, kanskje det var eit uhell eller ein misforståing som var årsak til konflikten. Me øver på å dele med kvarandre og me øver på å samarbeider med kvarandre. Me ynskjer at alle skal ha nokon å leike og legg til rette for dette. Sosial kompetanse er i fokus hjå oss dette året.

Me jobbar og med strukturerte aktivitetar. I samlingstundene våre syng me, les frå barnebibelen, eller me les og dramatiserer eventyr og bøker. Målsetjinga er å trene språket. Me har fleire born som treng ekstra språkstimulering og fleire dagar i veka deler me oss i grupper og jobber aktivt med språkstimulering. Me oppmuntrar dykk foreldre til å vere bevisste i kvardagen til å lytte til det borna dykkar forteljer, å undre seg saman med dei om ting borna er oppteken av og å lese høgt for borna.. Her vert mykje av grunnlaget lagt for korleis dei klarer seg seinare i skule og samfunn.

 

Me har lagt bak oss tida med tema frukt/bær og matematikk. no jobbar me med fagområdet Natur, miljø og teknikk. Me har i samband med det gravd med epleskrott, melkekartong, avis og ein klosse. Til våren skal me grave opp og sjå kva som har skjedd. Vil me finne noko att? Her er mykje naturfag å lære.

I november skal me avslutte dette temaet og begynne på juleførebuingane. Då vert det fokus på fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. Det første prosjektet vårt å lage pepperkakehus til pepperkakebyen i sentrum. 

 Avslutningsvis vil me informere om at Andrè Lønning er byrja i praksis hjå oss. Han er ein kjekk ungdom som liker å leike og vere i aktivitet saman med borna!

 Ha du spørsmål, ris eller ros ta kontakt med oss direkte, på mobil 45425901 eller send oss ein mail; kjersti.karlsen@sklbb.no

     


Ynskjer alle ein flott november månad.

Gode helsingar frå oss i Stuastølen Gardsbarnehage

Camilla, Alexander, Rebekka, Andrè og Kjersti

September månad 2016 på Stuastølen Gardsbarnehage

Då er oktober allerede godt i gang, men me skal sjå tilbake på noko av det me har opplevd saman med borna dykkar i førre månad.

September har vore prega av både varmt sommarvær og skikkeleg ruskevær. Kontrastane er store!

Ein av dei varmaste dagane i midten av september pakka me med oss badeklede og kjørte til Høgskulen. Me rusla ned gjennom skulehagen mens me studerte den nydelege hagen.

 
   

Me må nok innrømme at det ikkje alltid er lett å ha same fokus heile tida. Me vaksne ville sjå trær og busker og ha fokuset i samtalen der. Men det er ingen enkel sak når det kjem ein robotplenklyppar over graset og nærmer seg oss. Då endrer fokuset seg fort hjå barna. Dei vil sjå og helst røre og me undrar oss saman over det me ser.

 Vel nede på stranda er borna raske av med kleda for å kome seg raskast mulig ut i vatnet. Her er mykje latter og gledeshyl!

 Me har og hatt kalde, våte og vindfulle dagar. Ungane elsker vatn og koser seg ute i sølepyttane. Ingenting er kjekkare enn når vatnet sprutar rundt dei! På nokre av dei mest vindfulle dagane lagde Alexander dragar som me leika med ute på plassen! Veldig kjekt!

Haust er tida for bærplukking. Me har vore fleire turar å plukka bjørnebær. Litt går i koppen og litt i munnen! Kjempegode! Av bæra me hadde med tilbake til barnehagen lagde lune bjørnebær som me serverte med vaniljeis. Dette fall verkeleg i smak! På ein to tre var alt borte :)

Karstein inviterte oss heim på plommeplukking! Kjempegode!

I september hadde me besøk av tre sjukepleiarstudentar frå Høgskulen Stord/Haugesund. Dei kom til oss som ledd i utdanninga si der målet var å samspele med barn. Dei inviterte 4 og 5 åringane våre til å kome til «bamsesjukehuset» deira på høgskulen. Her fekk borna kome med den sjuke eller skadde bamsen sin.

Me har vore mykje på tur. Skulegruppa har vore på sykkeltur innover skogen til «colabekken» Her lagde dei barkebåtar som dei sendte nedover i bekken. Ein liten gjeng har plukka bjørnebær med Rebekka. Leikeplassen i Øvre Hageby har me besøkt fleire gongar. Gerdastien og blåbærhaugen er andre turmål.

 Me er mykje på tur og det er veldig kjekt for oss å sjå at borna dykkar er flinke til å gå! Dei trippar avgårde stort sett utan å klage. Me tek små pauser om me ser det trengst og me har fokus på å ha det kjekt på tur!

På tur innover i skogen fann me ei død mus. Ungane vart veldig opptekne av denne så me lagde ei fin grav til den. Gravstein fekk den og me plukka fine blomar me la ned. Me hadde ei fin og høgtidleg stund og dette er noko borna hugsar godt. Ofte spør dei etter grava når me går innover i skogen

I september har me avslutta temaet om matematikk og me har begynt å jobbe med natur, miljø og teknikk. Det neste prosjektet vårt no i temaet er å grave ned epleskront, blad melkekartong o.l i kjøkkenhagen vår. Til våren skal me grave det opp og sjå kva som har skjedd med det. Elles i oktober skal me byrje å lage noko fint til farsdagen. Så det er bare å byrje å glede seg til farsdagen!

Har de spørsmål eller tilbakemeldinger så ta gjerne kontakt med oss direkte eller ta kontakt via foreldrerepresentanten vår Anne lerøy (mob 47352627)

 Alexander, Rebekka, Kjersti og Camilla

August 2016

Då er barnehageåret allerede godt i gang. Me har hatt ein god start på det nye året og veldig kjekt var det å starte opp i ein nyoppussa barnehage. Laminatet er borte til fordel for nypussa tregolv, veggane er malte, Kjersti har lagt skifer og dei fleste møblane er nye! Me har fått ein «ny» barnehage som me er veldig stolte av!

Me har brukt mykje av tida på å leike saman og å knytte vennskapsbånd. Rita, Deborah, Gracella og Liv Micheila er komt opp til oss frå Bergly. Emmanuel, Vilde Mitra og Liva er heilt nye hjå oss! Velkommen til alle saman!!

Rebekka Karlsen er og ny hjå oss i år. Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeider. Ho skal etterkvart kjøre minibussen vår! 

 I kjøkkenhagen vår hadde spesielt potetene våre vokse godt i sommar. Meplanta i næringsrik jord frå Sim og dette gav resultat!

Potetene kom i ulike størrelsar. Alt frå pittesmå til nokre som var digre.

Me døypte dei raskt monsterpoteter! Borna var med å hausta, vaska dei og å pakke dei i poser! Håper dei smakte godt!

Allerede første veka gjekk me på tur til hytta vår i skogen. Her har me eit fantastisk leikeområde i skogen med bålplass. Ungane trives utruleg godt med leik mellom trær, busker og steiner! Til lunch steikte me heimedyrka poteter og dådyrbog på bålet, og me lagde havregrynsgraut. Ei full panne med graut forsvann på eit øyeblikk. Borna et veldig godt og utfordringen vår ligg i å koke nok graut. Me pleier tenke att dette må vere nok når me koker… men så viser det seg at me burde hatt meir…

August er tida for bærplukking. Me har vore fleire turar i skogen for å plukke blåbær. Litt i koppen og litt i munnen, akkurat slik ein blåbærtur skal vere!

 På leikeplassen ved Bergly har me vore å leika og å plukka bringebær. Sjølvlaga syltetøy smakar kjempegodt!

 No har me ekstra fokus på fagområdet matematikk. Me jobbar med tal, former og figurar. Me har jobba med dette tidlegare og det er veldig kjekt å sjå at dei hugsar mykje att!

 Me kunne ikkje la anledningen når «Tour des fjords» sykla over Litlabø gå frå oss. Me marsjerte ned til vegen med flagg i hendene og stilte oss opp! Og jammen var det verdt ventinga! Ledebilane kasta capsar, buffer og anna reklameUte har me fått mange nye traktorar, både gråtass traktorar og grønne John Deree traktorar. Ungane har følgt spent med når dei er blitt montert! Matheo har og gitt oss traktorar og gåbilar! Her er mykje god leik!


Ungane dykkar er flotte born, dei gir av seg sjølv, har eit smil på lur og me gleder oss til kvar dag me skal vere saman. Gullkorna kjem på rekke og rad. Som då ein gut sit ved bordet og plutseleg spør meg om eg veit kva «fatosten» er?!? Før eg får tenkte meg om og kome med eit svar seier guten; Det er ost på eit fat, onkel seier det heiiiile tida!
andre reklameeffekter ut vindauga til oss! Sirkuset av ledbiler, motorsykler, politimotorsyklar, politibilar og følgebilar vinka og tuta til oss! Og syklistane for som ein vind forbi oss!

Eller ein ettermiddag me er i gongen og skal gjere oss klar til bussen skal kjøre heim. Det er mange barn som skal skifte klær og det er mykje sko og ytterklede på golvet. Då kikker ein liten gut på meg med fortvilelse i både stemma og augene; Camilla, eg finn ikkje støvlane mine. Eg kikker meg rundt og ser dei ganske snart. Guten har dei på seg. Du har dei på deg svarar eg han. Han kikkar ned og stadfestar at det eg har sagt stemmer før han blid og fornøyd går ut og set seg i bussen!

 Om det er noko du undrar dykk over, om du har ris eller ros er det fint om du kontaktar barnehagen. Mob 454 25 901 eller på e-post: kjersti.karlsen@sklbb.no

Kjersti, Aleksander, Rebekka og Camilla

April 2016

 Stuastølen

Då er mai månad allerede godt i gang og det kan følast som dagane fyk frå oss. Den siste månaden kan me nesten kalle ein magisk månad. Det er tid for lamming og det gjev ei nesten magisk stemning når me går i fjøset. Me lister oss stille inn og beundrer dei nye verdensborgarane. Me studerer  dei, tel kor mange lam som er komt og syng bæ bæ lille lam til dei. Det er spesielt ein sau som har vore ekstra kosete. Me stryker ho varsamt om me ser ho nyter det! Det er fantastisk å sjå kor gode borna er med sauene!

 For oss er det viktig å vise dyra respekt. I perioden med lamming er det ekstra viktig å vere rolege i fjøset, dette prater me om kvar gong me går til dei. Nokre barn har opplevd at ein sau er starta med lamminga når dei kjem ned. Då lister me oss stille ut at og lar sauene og bonden vere i fred. Andre har opplevd at sauene tramper i golvet, og viser tydeleg at dei vil vere i fred. Då skal dei få lov til det.

 På gården er det 12 alelam. Desse er saman i ein bås og no når dei er blitt litt større kan me gå ned å kose med dei. Desse lamma er van med mennesker så dei kjem til oss når me set oss ned på huk og eter/smaker på kleda våre. Dei er så nærgåande at dei har «skubba» i nokre av borna så dei detter. Dette er kjempekjekt og ein rungande latter kan høyrast i heile fjøset. Me klapper, koser og stryker og følger nøye med på alle sprella lamma gjer! Dette syns dei aller fleste er kjempekjekt og dei vil helst ikkje gå derifrå!

 Me har undra oss saman med borna om kva me bruker sauene til og kva som skjer med dei vidare. At me klypper ulla og lager den om til klede var greit. Men at dei vert slakta og brukt til matproduksjon var for nokre vanskeleg å svelge. Lamma er jo sååå søte at det er vanskeleg å tenke seg til at dei skal slaktast.

 Frå rammeplanen:

-  Barna skal få erfaringer med og kunnskap om dyr og vekster og deira gjensidige avhengighet og betydning for matproduksjon.

 I april har me klargjort til såing i kjøkkenhagen vår. Dei eldste borna våre har vore på butikken å kjøpt frø, settepoteter og fleire kasser å så i. Dei har og vore på Svartasmoget og sett på avfallshandtering der. Me fekk sjå korleis bosset vert sortert og kva det vert gjennvunnet til. Det me hadde mest fokus på var det biologiske avfallet og prosessen med å bryte det ned til mold. Dette var like spennande for borna som det var for oss vaksne!

 I starten av mai sådde me i kjøkkenhagen. Alle ungane har vore med i prosessen med såing. Så no satsar me på at nattefrosten held seg vekke slik at det snart byrjar å spire.

I barnehagen kan me nesten kalle april for sykkelmånaden. Fleire born har lært seg å sykle to tohjulsykkel utan støttehjul. Denne prosessen frå me held dei og spring etter dei og fram til dei slepp seg og syklar på eigenhand har vore fantastisk å følge. Andre born har lært seg å meistre sykkel med støttehjul. Borna får auka sjølvtillit og ein flott meistringsfølelse. Dei er stolte og kry over seg sjølv og kan nesten ikkje vente med å fortelje det til mamma og pappa.

 Kvar dag kjem det spørsmål etter syklane og dei aller fleste dagane er dei fullt med sykkelglade borna på asfalten som sykler i ring! Kjempekjekt!Mange har eigen hjelm liggande i barnehagen, og me oppfordrer dei andre til å ta med eigen hjelm!

Me har skogen rett utanfor døra vår og har fleire «faste» plasser me pleier å gå til. Nokre turar er lengre enn andre og ut i frå ferdighetsnivået til borna så har me delt gruppa i to på enkelte turar. Dei minste har gått ein mindre tur medan dei eldste har gått lengre. Slik opplever me at alle får eit godt utbytte av turane.

 Dei eldste borna har prøvd ut den nye «Gerdastien.» Me gjekk gjennom skogen og ut mot Vatna der Gerdastien ligg. Her var fint laga til med bruer og stokker me kunne gå på. Ved enden av stien var det laga til med benker  så nesten gong pakker me sekken og tek maten med! Dette var ein lang tur med rundt 2,5 timers gange. På tilbakevegen var det fleire som kjente på kroppen at dei var slitne. Men dei var ikkje meir slitne enn at dei dagen etter ville gå samme turen ein gong til. Dei var spesielt eit barn som spurde ca 15 gonger til frokost dagen etter om me kunne gå Gerdastien :-) Turen gjorde verkeleg inntrykk!

 Frå rammeplanen:

-  Borna skal oppleve naturen og undring over naturens mangfoldighet

-  Borna skal utvikle glede ved å bruke naturen til utforskning og kroppslege utfordringar og får ei forståing av korleis ein bruker og samstundes tar vare på miljøet og naturen.

-  Borna skal få gode erfaringer med friluftsliv og uteliv til ulike årstider og skaffer seg gode erfaringer med varierte og allsidige rørsler og utfordringar.

 Dette er noko av det me har jobba med i april. Utanom desse litt større tinga så skjer det noko heile tida. Me er saman med borna og støtter dei i leiken, me les bøker, teikner saman, lager gruppeaktivitatar og mykje meir.

 Dersom det er noko du lurar på eller undrar deg over er det fint om du kontaktar oss på telefon, e-post eller prater med oss ved levering og henting.

 Alexander, Kjersti, Rahele og Camilla

 

Februar/mars 2016

 Stuastølen Gardsbarnehage

 Me har hatt to fine månader i barnehagen med mykje god leik og kjekke aktivitetar. No er påsken allerede i gong og det er her me har fokus. Rammeplanen seier at barnehagen skal bidra til at barna får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar. Me har hatt samlinger med påskeevangeliet som tema der borna har blitt kjend med det som skjedde i påsken. Me har vaska føttene slik som Jesus gjorde med sine displer og me har hatt nattverd. Skulegruppa har vore på besøk i Bergly der dei har vaska føttene til dei små borna der. Dette er noko dei syns er veldig kjekt.

Fine påskedekorasjonar er alledere komt heim. Å lage desse saman med borna dykkar er ein fryd. Dei er ivrige, samtalen rundt bordet er god og det vert produsert nydelege dekorasjonar.

 Rett før påske laga me til påskefest med grilling, lappesteiking og litt song på leikeplassen. Me inviterte foreldre og søsken til å vere saman med oss. Det vart ei flott avslutning før påske!

 Me har endra litt i høve til tidlegare når det gjeld kvardagen vår. Skulegruppa et no frukost og lunch på legorommet medan dei andre framleis sit i midtrommet. Denne løysigna ser me fungerer veldig fint. Det er blitt meir ro rundt måltida og meir rom for den gode samtalen. Me har og lagt til rette for meir leik og aktivitetar i mindre grupper. Me deler oss ofte i mindre grupper og leiker eller har aktivitetar. Her vert borna òg motivert for å leike med noko dei kanskje ikkje ville valgt sjølv. Dette ser me borna set pris på og dei gleder seg til leikegrupper. Borna får ny motivasjon og inspirasjon til leiken.

For borna så har nok høgdepunktet vore karnevalet. Dette er noko dei gleder seg til og ser fram til! Lang tid i forkant planlegger dei kostyme. Kva skal du kle deg ut som høyrer me stadig vekk. Mange har vore med på karneval før og dei veit me skal slå på ein pinjata og at det kjem til å «ramle» ut godteri. Dans, ansiktsmaling, musikkbarnehage og ei lita skattejakt høyrer og med på karnevalet. Årets høgdepunkt er dette!

 Her har Erle og Sofia laga trylleshow til oss. Sofia trylla Erle bort! Heldigvis klarte Sofia å trylle ho fram igjen! Som bildene viser er det og laga plass til publikum! Kreative barn :)

 Me feira barnehagedagen 1. mars. Då vart alle førskuleborna i kommunen invitert opp på museumet der det er laga til eit kjekt opplegg med ulike stasjonar. Når me kom opp på museumet vart me møtt av to ørner som svevde over oss! Ein herleg start på ein fin og kald dag!

 Her var me på mellom anna på teater, me stabla ved, leika med naturbondegård og det var tautrekking. Etter tautrekkinga fekk borna kvar sin stordpeng. Denne brukte me i kiosken til å kjøpe bolle og godteri! Når programmet på museumet var slutt kjørte me heim til Kjersti og Karstein og åt ein god lunch der!

Me har hatt besøk i barnehagen frå Kari Nappen. Ho er lærar ved Høgskulen Stord/Haugesund og har lyst å hjelpe oss i gang med kjøkkenhagen vår. Me starta med ei samling om frø og spiring før borna fekk lage sin eigen papirkopp som dei planta i.

 Me kunne nesten skrevet bok om alt me gjer i barnehagen kvar dag. Her er alltid mykje som skjer og mange kjekke Gullkorn frå dei små!

Me vil ynskje alle saman ein god påske!

 

Stuaposten januar 2016

JANUAR 2016, STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

 Godt nyttår alle saman! Me har hatt ein god start på det nye året! Temaet me har jobba med i januar er «kropp, rørsle og helse» som er eit av fagområda i rammeplanen for barnehager.

 Her står det mellom anna at barnehagen skal bidra til at borna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring, at borna skal skaffe seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar og at borna skal få gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider.

 Ekstra kjekt var det at kulda og snøen kom! Me valgte då å legge bort det faste vanlege programmet vår for å kunne bruke dagane i akebakken. Her har me aka både på isen og seinare når det kom mykje snø. Borna har verkeleg kosa seg mykje ute i snøen. Farten på akebretta har til tider vore stor. Dei eldste har gått til toppen på dei største bakkane og det har vore gledeshyl heile vegen ned :)

Men det er ikkje allitd enkelt å vere liten og skal bevege seg i all snøen fram til akebakken.  Det er tungt å gå og vegen kan virke lang. Me har oppmuntra, halde hand, tørka tårer og gjort alt me kan for at turen skal bli bra! Me opplever at borna blir styrka av slike opplevingar! Dei tek med seg erfaringar og allerede neste tur opplever dei meistring! På dei finaste dagane har me ete lunch i akebakken eller på leikeplassen. Ekstra godt er det når me har grilla fiskekaker på bålet!

«Borna skal få kunnskap om menneskekroppen og forståing for betydninga av gode vaner og suntkosthald» Rammeplanen .Me har hatt mat som tema i samling. Her har me snakka om næringsstoffa som er i maten og kva kroppen treng dei ulike næringsstoffa til og kva matvarer kroppen treng mykje av og kva den treng mindre av.

Me har baka sunne frukostbrød. Borna har vore med i heile prosessen frå å måle opp ingredienser, røre saman og å bake dei ut. Alle fekk kjenne på mjølet og studere det!

Her les me boka «inn et sted og ut et annet» Den handler om fordøyelsen. Her sit borna djupt konsentrerte om kva som skjer med maten på veg gjennom kroppen!

Andre tema som er tatt opp i samlingane er tannhelse. Me har høyrt Karius og Baktus på lydbok, me har lese boka og me har samtala med borna rundt emnet. Mange har erfaringar med tannlege/tannpleier og nokre har hatt tannverk. Me har ete lunch med sjølvlaga brød!

Skulegruppa er i full sving med ulike aktivitetar. Her er ei blanding av skuleførebuande aktivitetar og frileik. Her held me på med ei fargeleggingsoppgåve. Framover kjem me til å ha fokus på bokstavane.

Stolleiken har vore populær heile hausten og framleis spør dei etter den. Nokre rundar vert det kvar gong me har skulegruppe. Fokuset er å vinne og tape med same sinn. Dette er ein viktig eigeskap å ta med seg i skulesamanheng. Me ser gjerne at de speler mykje spel med borna dykkar heime og at de gir dei erfaringar med å vinne og å tape! Det er alltid kjekt å sitte i armkroken å lese bok!

Thomastoget er veldig populært! Av og til vil nokon ha alle for seg sjølv...Då gjeld det å læra å dela. 

Denne månaden har me i tillegg til alt anna dreve med perling, hatt gode lesestunde, leikt oss med magnetar og pusla puslespel.

Etter jul vart det kjøpt inn nye gardiner (Dei andre som var 10 år gamle hadde gjort sin misjon....)

Stor stas med nye gardiner! Alle vindua har forskjellige gardiner, så er er Dusty, Lynet mcqueen, fotball og rosa smurfegardiner! Ein av gutane vår var borte den dagen dei var hengt opp, og når han kom i barnehagen gjekk han frå vindu til vindu og sa «Wow, så kult» Og me er heilt enige, det blei kult!

Og så ein dag fekk me ei kjempoverrasking for då fekk masse bilar frå Anne-Beth! Kjempekjekt!

Me vil avslutte med ei lita praksisforteljing:

Eit av dei eldste borna vår er lys i huden er bestevenn med ein mindre gut i barnehagen som er brun og har krusete hår. Dei held stadig saman og den eldste tek seg verkeleg av den minste. Han tek kompisen i handa og tek han med på alle aktivitetar. Ved bordet vil dei sitje saman, noko dei ofte får lov til. Til lunch ein dag sit dei saman. Temaet rundt bordet er om babyen er komt, for den eldste av desse gutane skal bli storebror og foreldra hans er på sjukehuset. Då stryk han kompisen sin på kinnet og seier «eg håper babyen blir brun!» Vidare stryk han vennen over håret og seier «og at han får sånt hår» Me vaksne kikker på kvarandre og dreg på smilebåndet!

 Til slutt litt kjekk informasjon! Rahele er begynt å jobbe hjå oss. No skal ho vere på Stua fire dagar i veka og ein dag i Bergly! Både store og små syns det er kjekt å få ho tilbake!

 NB: Me har fått vannkopper i barnehagen.

 Kjersti, Alexander, Rahele og Camilla

         PS: Utkledningskleda gjev mange gode utrykk :)

 

 

 

 

 

(Super) Oktober 2015, Stuastølen Gardsbarnehage

 Då er me allerede god i gong med november. Den siste månaden har vore veldig fin. Med mykje flott og mildt haustvær har me vore mykje ute, både i barnehagen og på ulike turar. Lunch har me ete ut nesten kvar einaste

Ein av planane våre denne månaden har vore å dra på fisketur med dei eldste borna. Borna var med å spikka pinnefiskestenger og dei gledde seg veldig til turen. Utstyrt med redningsvestar, godt humør og mat i sekken la dei i veg til båthamna der barnehagen har vore på mange fisketurar før. Men der snudde gleda då eigarane av båthamna gav tydeleg beskjed om at det ikkje var lov å fiske der. Så då var det bare til å snu og dei endte opp med å leike i Gullhaugen i staden for. Me vaksne sat att som spørsmålstegn og kunne ikkje heilt skjøne at dei kan jage barnehageborn bort på den måten. Men det viste seg seinare at eigaren av båthavna hadde lova på si side og dette var noko dei kunne gjere. Men trist er det at materielle verdiar skal stå over gode stunder for borna…

Me er mykje på tur i skogen, både i barnehagen og andre skogar i nærområdet.  På tur gjennom skogen prater me om det me ser rundt oss. Om blada som skiftar farge og fell ned, om rognebæra som heng på trærne, om fuglane me ser og dei ulike spora me ser på stien. Kven har gått her før oss?

Høgdepunket på tur i Gullberskogen er besøk til grisane som har budd i skogen sidan i vår. No er dei nett slakta, men me håper det kjem nye grisar til våren.Dyra er rundt oss i barnehagen og. Kvar morgon går ei gruppe til hestane i skogen og gir dei høy. Dette er alltid veldig populært!Sauene er komt inn i fjøset. Dette er veldig kjekt for borna då dei kjem nærare sauene og får mulighet til å kose med dei. Nokre av sauene er heilt rolege og verkeleg nyter at me klapper, koser og syng for dei!

I skogen rundt barnehagen har me funne oss ei flott rundløype. Me følger vegen innover skogen mot Blåbærhaugen før me går vidare i ulendt terreng tilbake til hytta. Her må dei klatre, hoppe over små bekker og bevege seg i terrenget. Me har gått rundløypa to gonger og ser allerede stor forbedring hjå borna.

Borna trives svært godt ved hytta i skogen. Her leiker dei mellom alle trea. Ekstra stas har det vore dei gongane me fyrt i bålpanna og laga havregraut! Dette har verkeleg falt i smak og nokre av borna har fortald heime at Kjersti lagar betre graut enn mamma!

I oktober har me hatt fagområdet «Natur, miljø og teknikk» frå rammeplanen som tema. Me har jobba med matproduksjon. Her har me blandt anna snakka om kornet som veks og korleis det vert til mjøl, me har hausta poteter frå kjøkkenhagen vår og me har planta karse som me har sett veksa!

Me har forska på om storleik har noko å seie i forhold til vekt. Kva er tyngst av ein stor ballong og ein liten ballong? Me hadde sand i dei og då var ikkje den største tyngst. Me har blanda vatn og sukker og sett kor sukkeret blei av når me rørte. Me kunne ikkje sjå sukkeret men borna var enige om at det var smelta inn i vatnet. Dette bekrefta dei ved å smake på det!

Heile hausten har me førebudd kort og gåve til farsdag. Den er komen heim til alle no og me er spent på gleda dykkar over det barna har laga..

Framover skal me avslutte temaet om natur, miljø og teknikk. Me er allerede komt til november og vekene fram mot jul går fort. Me skal starte med å lage pepperkakehus til pepperkakebyen i sentrum. Me skal lage julegåver og julepynt. Barnehagen skal pyntast til advent og me skal ha mange fine adventsstunder der temaet er juleevangeliet.

Ta gjene kontakt dersom det er noko de lurer! Me set pris på alle tilbakemeldingar på jobben me gjer i barnehagen!

På vegne av personalet

Camilla

 

 

 

 

 

September månad på Stuastølen Gardsbarnehage

Då går nok ein månad mot slutten! Me har hatt ein god månad i barnehagen med mange kjekke aktivitetar.

For borna er nok gymsalen høgdepunktet! Her er det rom for mykje fysisk aktivitet. Me legg til rette for aktivitetar som hinking, klatring, kryping, balansering, me åler oss fram som slanger, me hopper og mykje anna. Å gå med ein ertepose på hovudet høyres kanskje enkelt ut, men det krev mykje konsentrasjon! Me pleier òg ha stafett. Det er litt utfordrande i starten, men borna forstår fort reglane! Kjempegøy!

 Ein fin haustdag kombinerte me gymsalen med tur til Vikahaugane. Me sprang runde på runde rundt stadion. For nokre var det litt langt rundt så då tok dei snarvegen tvers over graset :-) Borna finn alltid ei løysing! Til lunch serverte me rundstykker med banan og restane gav me til endene!

 Me har hatt fokus på fagområdet frå Rammeplanen om «antal, rom og form.» Me vonar borna dykkar har fortald heime om trekantar, firkanter, rektangel og sirklar. Me har hatt fokus på teljing, mønster og ulike begrep som liten - mellomstor - størst, me måler t.d. kven som har størst kniv ved bordet. No har me avslutta dette temaet. I oktober vil me ha fokus på fagområdet frå Rammeplanen om «Natur, miljø og teknikk»

 Me liker oss ute på tur og me meiner det er viktig at borna får utfolde i naturen! Hytta vår i skogen er eit eldorado for borna. Her koser dei seg veldig og ofte ser me at dette er eit populært turmål og borna sjølv får velge. Me hadde ein god ettermiddag der saman med dykk! Lappekakene me steikte gjekk ned på høgkant og borna syns det var kjekt å vise fram plassen vår til dykk foreldre!

 Landåsen ligg ikkje langt unna oss og me har gått frå barnehagen og inn i skogen. Målet vårt var eventyrskogen, men me kom ikkje så langt. Me stoppa ved enden av landåsvatnet. Her åt me god lunch og me leika i skogen og på treningsbenken! Sjølv om dei fleste var slitne når me stoppa var leiken i full gong og aktivitetsnivået høgt når me kom fram!

 I september starta me opp skulegruppa. I år er det 8 førskulebarn som er saman ein dag i veka til skulegruppe. I oppstrten har borna teikna seg sjølv og familien sin, me har jobba med tal og me har hatt oppgåver der fokuset har vore å ha rett blyantgrep.

 Men me må ikkje gløyme alle dei fine dagane me har i barnehagen . Å sitje saman i sofaen med ei god bok, å bygge med klossar, teikne saman med borna eller leike med toga. Dette er fantastiske stunder!

Språktrening jobbar me med i alle kvardagssituasjonar, men nokre dagar i veka har me ekstra fokus på dette og jobbar intensivt i grupper.

 Fredag 23. oktober held barnehagen stengt grunna interkommunal kursdag.

 Juleferien: Siste dag i barnehagen før juleferien er tysdag 22. desember. Første dag etter ferien er måndag 4. januar.

 Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på!

Tlf: 458 52 793 / 454 25 901

E-post: kjersti.karlsen@sklbb.no