Kompetanseheving i barnehagane. Me går på kurs!

Då skal me på kurs igjen. Me har også denne gongen valgt å bli kursa i viktigheten av barndommen vår - korleis den påverkar oss i møte med barna. Det er då særskilt dei tidlege relasjonane våre som har stor påverknad.

På info sida om kurset står det: "Hvordan former barndommen oss? Hvordan komme seg ut av et liv som preges mye av fortiden?

Dine erfaringer fra barndommen har satt sine dype spor, fordi den måten du ble møtt på som barn, er den måten du møter deg selv og andre på som voksen. Men heldigvis er det aldri for sent å legge bort hendelser og opplevelser fra barndommen som gjør livet vanskelig.

Foredraget tar blant annet opp temaer som:
•Barn er følelsesvesener. Hvordan har vi møtt barn i generasjoner og hva har det medført? Har vi råd til å fortsette med det, for prisen er SVÆRT høy.
•Hvordan oppnå den indre ro og glede som så mange søker?
Herdis er fagansvarlig ved relasjonssenteret. Ho er relasjonsterapeut, lærer og foredragsholder."

Me opplever kursa frå relasjonssenteret som svært viktige, gode og sentrale. SÅ ME GLEDER OSS!

Kursdag

På fredag 28.10.2016 skal alle i Solsikkene Barnehager AS på kurs. Då er det felles kursdag for alle barnehagane i regionen og barnehagane held stengt. Me har valgt å gå på kurs som fokuserer på relasjonar med barn. Den eine kurshaldaren skriv: "Det handler om barns oppleving av å bli sett og forstått. Eg trur på kjærleik før oppdraging og er spesielt opptatt av barns behov for tilknyting og kvaliteten på relasjonane mellom vaksne og born." På informasjonsida på kurset dei tilsette i Bergly skal på, kan me lesa: "Stikkord for dagen:
•Hvordan møte barn slik at de får det godt med seg selv og andre?
•Hvordan kan vi som voksne være tydelige på våre grenser og behov, uten at barnet føler seg avvist?
•Hvordan få en nær og åpen relasjon med barn?"

Det er kanskje vanskeleg å understreka nok kor viktig ein god relasjon med barna er. Me trur det er det viktigaste me kan ha !

I tillegg har me dette året fokus på sosial kompetanse som vurderingsområde i våre barnehagar. Skal me nå inn til barna med det me vil læra dei, er det ein grunnstein å ha ein god relasjon til dei. På fredag skal me læra meir om dette. Me gleder oss!

Blåbærsyltetøy

Kan du tenkja deg noko betre enn nyrørt blåbærsyltetøy på skjeva i skogen? Det smakar himmelsk godt! Dette kunne me nyta i går til lunsj på leikeområdet vårt.  Rebekka og 4 barn hadde gått før oss til Blåbærhaugen og pukka i spannet. Me tok me sukker og rørereiskap! Så då vart det luksus syltetøy til maten. Det var god og varm temperatur og fint å vera ute både å leika og eta 

🙂

Grilling av dådyrbog mm i skogen!

Her kosar me oss me grilla dådyrbog, nyhausta poteter frå eigen kjøkkenhage og havregraut til dessert.

Stuastølen Gardsbarnehage er pussa opp!

Då har me gjort ein kjempejobb i sommar med å pussa opp Stuastølen Gardsbarnehage. Ta ein kikk på videoen og sjå den (totale) forandringa!

90 sekunder som kan endre ditt barns fremtid

Hei.

Koper denne videolinken og sjå kva som blir sagt her. OBS, OBS: VIKTIG

https://www.facebook.com/goboken.no/videos/10154292540264178/

Det er ikke lagt inn noen video

SISTE DAG I BARNEHAGEN

KJÆRE alle foreldre!
Takk for eit fantastisk kjekt år i Stuastølen Gardsbarnehage og Bergly Familiebarnehage! Det har vore eit innhaldsrikt, spennande og fint år. De har SÅ kjekke og flotte barn. Og me har det kjekt på jobb kvar dag! Me kan samla det i to ord : Travelt og triveleg.
 Men eg må sei at i dag tok de kaka! (Bokstaveleg tala.....ein av dykk kom med kake :) Aldri før har eg opplevd ein slik avslutningsdag i barnehagen. (Og eg har halde på i MANGE ÅR). Aldri før har eg og me fått så mange gode klemmar, roser, gåver, fine ord og kake. Det er rett og slett rørande! TUSEN, TUSEN takk. Det gjer sterkt inntrykk å oppleva det! De er ein flott gjeng og me gleder oss til fortsetjinga med dykk som blir med oss vidare til hausten! Og de andre: Lukke til der barna dykkar skal vera i skulen eller ein anna barnehage. Me vil med desse orda ynskja dykk ein fantastisk fin sommar og Guds gode velsigning over alle små og store.
Varme sommarhelsingar frå Kjersti og resten av personalet
(PS. Me treng ikkje sol, når me møter mykje hjartevarme :)

Feiring av 56 års dag i dag

Bursdagar vert feira både for små og store i våre barnehagar. I dag var det styrar sin dag. Og positive vaksne og skjønne ungar klarte på ein flott måte å laga ein dag med minner eg ikkje vil gløyma Dei har synt si merksemd med å laga krona, gje blomar og syngja song. Herleg og flott alt i saman

Happy birthday to you....

Etter pølsa og smoothies i hagen til Kjersti, fekk ho denne gåva!

4 åringane til Heio med 3 kl. HSH BLU

Ja, då skal 4 åringane og nokre "nyfødde" 5 åringar få vera med på Heio på Stordafjellet i morgon der 3 klasse på barnehagelærarutdanninga på HSH har invitert oss til å testa ut naturleikeplass-installasjonar. Me skal vera der frå kl 10-12.30, så det vert kjempekjekt. Me skal ha lunsjen vår med og kosa oss. Som ei avslutning på dagen skal ei gruppe spela teater for oss. Så dette vert stas. Alexander og Kjersti gleder seg også, både til turen og til å få møta at ein av favorittlæraren vår: Jørgen! 

Ein naturleikeplass er pr. definisjon laga av ting og det ein hovudsakleg finn i naturen. På bilete ser du eit gjøkur, som Alexander og Kjersti laga på deira prosjekt

Ny minibuss

Då er me klare til å presentera den nye minibussen vår som me har kjøpt inn til barnehagane våre. Det er ein buss bygd etter våre behov og ynskjer og me er SVÆRT nøgde med resultatet.

No er også dekoren komen på plass. Og me likar det me ser

Då kan fortsetja den unike transporordninga vår: Me hentar og køyrer heim barna til og frå barnehagane våre. Dette er me (så langt eg veit) åleine om i Noreg. Eit fantastisk tilbod til alle, men særskilt til dei som ikkje har eigen bil.

Inngangspartiet vårt har fått ein liten vårpuss

Camilla har stått på i dag for å gje inngangspartiet vårt eit litt meir respektabelt uttrykk! Ho har raka, rydda, vaska husveggene og spadd singel. Kjersti og 3 gutar har planta stemorsblomar og ein margeritt. Våren er her og energien tar seg opp!

No startar lamminga: Torhild kom to månader for tidleg!

 Det sette Matheo (4), Brandon (4) og dei andre borna i Stuastølen gardsbarne­hage pris på.

 - Bæ, bæ, lille lam. Har du noko ull?

 Matheo Nichkhun (4) og Brandon Nyeste (4) sit på huk inne i båsen til Torhild. Dei vil kosa med ho, og lokkar med både song og herleg høy.

 Det snart to månader gamle lammet søkjer dekning bak mora.

 - Sit stille, så kjem ho nok, seier matmor Svanhild Stuve.

Stormfull fødsel

Rundt om i fjøset står det mange drektige sauer. Frå første påskedag ventar Svanhild Stuve nærare 80 nye lam i løpet av to veker.

 Torhild kom til verda allereie i slutten av januar.

 - Då eg kom ned ein morgon var ho plutseleg der. Altfor tidleg, sjølvsagt, seier bonden.

 Natt til 30. januar herja stormen «Tor» som verst.

 - Då måtte me jo kalla lammet for Torhild, smiler Stuve.

Ugler i mosen

Men sjølv om det første lammet kom brått på Svanhild Stuve, ana ho ugler i mosen allereie i haust.

 - Eg fekk ein liten mistanke då ho ikkje baud seg fram i haust. Men eg håpa det ikkje stemte. Naturen har tydelegvis sine eigne vegar, smiler Stuve.

På dei om lag to månadene inne i fjøset, har Torhild vakse seg stor.

- No lengtar ho berre etter å få komma ut. Det må berre bli litt varmare først, seier Stuve.

 Framover kjem Torhild til å få selskap av mange fleire i fjøset på Stuve.

 - Det blir ein hektisk vår. Me ventar 70-80 nye lam.

Kopier fylgjande link og du vil få sjå ein festleg video med hesten Teitur som rullar seg og Brandon og Matheo sine reaksjonar på dette!:

http://www.sunnhordland.no/artikkel/torhild-kom-to-mnader-for-tidleg

Påskefesten vart ein suksess!

Me bestemte oss for å avslutta veka med å invitera foreldre med slekt og vener til påskefest på Stuastølen Gardsbarnehage.  Me sjekka vermeldingane og tenkte at dette kunne bli ein god dag. 

Me vart litt usikre i byrjinga av dagen, då ein litt kald vind kom snikande og sola sparte på strålene sine. Men då me hadde fyrt i både grill- og bålpanna, samt bore ut steiketakka, musikkanlegg mm, braut sola gjennom og me hadde to fine timar saman med mykje godt folk som kom og ville nyta ettermiddagen saman med oss.

Me grilla, steikte lappekaker og song med borna. Eg trur folk var både i påske- og vårstemning samstundes, og det er ikkje eit dårleg utgangspunkt for ein fest! Lappekakene har sjeldan fått så raske føter å gå på...ellers varierte det med pølser, kyllingvinger, pastasalat og marshmellows!

Takk til alle som kom og deltok. Utan dykk, ingen fest. Me som laga til sit at med ei god kjensle av at dette var kjempekjekt!

VELLUKKA BESØK AV BIOLOG KARI NAPPEN FRÅ HSH

Ja, då kan me sjå tilbake på nokre kjekke timar med biolog Kari Nappen frå HSH i Stuastølen Gardsbarnehage i går. Det var stor stemning då ho kom og skulle hjelpa oss med råd og vink til kjøkkenhagen vår.

Me opna med ei samlingsstund med song og samtale rundt tema om frø og spiring. Deretter tok ho fram pottemakaren sin, som er ein liten genistrek som det går an å laga eigne potter med til å så frø i. Alle borna fekk prøva å laga si eiga potte. Då det var gjort fekk dei fylla mold i og planta eit frø oppi. Kari hadde alt nødevndig utstyr med seg, noko som var veldig kjekt og greit for oss....

Kari har mykje kunnskap både frå faget og erfaring frå oppveksten sin frå gard. Så ho veit korleis me skal så og stella vekstane slik at det vert eit godt resultat. Så no stolar me på at gulerøtten vert lenger enn 5 cm. I tillegg skal me få meir utval av blomar og grønsaker i kjøkkenhagen vår.

Dette var veldig kjekt og me ser fram til å fortsetja samarbeidet med Kari framgjennom våren.

Tusen takk, Kari! Me koste oss alle saman og ser fram til at kjøkkenhagen vår skal få eit løft! 

I dei siste 3 åra har det blitt observert fleire ørnar over Stord enn tidlegare. Dette er veldig spennande og engasjerande. Så då Stordnytt kom til barnehagedagen fekk dei med seg engasjementet vårt over å sjå den flotte fuglen sveva svært nær over museumsområde:

MELDING FRÅ STORDNYTT 🙂

To ørnar over Museet

Stordnytt.no har siste dagar meldt om ørn i svev over søre luten av øya vår. Observasjonane kan supplerast med melding om to ørnar i samsvev over Leirvik og museet ved halv ellevetida tysdag, akkurat då borna frå Stuastølen gardsbarnehage kom til Sunnhordlandstunet for å vera med på barnhagedagen. Eit mektig syn.

Biolog Kari Grutle Nappen frå HSH kjem på besøk

Våren nærmar seg med stormskritt, sjølv om snøen enno ligg på bakken. Og me er byrja å planlegga kjøkkenhagen vår på Stuastølen Gardsbarnehage. I samband med det  har me invitert biolog og lærar på HSH Kari Grutle Nappen for å koma å snakka med barna og oss vaksne korleis me kan lukkast med kjøkkenhagen vår. Kanskje me dette året kan få gulrøtter som er meir enn 5 cm? Me gleder oss til ho kjem og ser fram til gode råd i både no i startfasen og i fortsetjinga av vekstfasen. 

Tema-møte!

Då har me hatt ein fantastisk bra kveld saman med ei god gruppe foreldre frå Stuastølen Gardsbarnehage og spesialpedagog Ingrid Helen Mjelde. Ho tok utgangspunkt i 4 ulike foreldreprofilar som kan skildra ulike måtar å møta barn på. Me kan alle kjenna oss igjen i dei ulike profilane noko avhengig av situasjonen. Men målet er at me skal veksa oss inn i den varme autoritative vaksenrolla som er den som gjev oss trygge, sjølvstendige barn med god meistringsevne. Etter innleiinga til Ingrid Helen, delte me oss i 2 grupper og diskuterte ulike utfordrande situasjonar i kvardagen. Me avrunda med å snakka i plenum kva me hadde kome fram til. Det vart ein god dialog mellom foreldre, Ingrid Helen og oss som jobbar i barnehagane. Det var stor semje mellom oss korleis må skulle møta dei utfordingane som barna til tider kan gje oss. Men me avslutta med at det viktigaste er å sjå barna, vera glad i dei for den dei er og gje barna tryggleik for at me er glad i dei uansett om dei gjev oss utfrodringar eller ikkje.

Tema-møte med Ingrid Helen Mjelde

Mandag 29. februar kl 18 har me gleda av å invitera til tema-møte for alle foreldrene i Solsikkene Barnehager. Møte skal vera på Stuastølen Gardsbarnehage. 

Me får besøk av Ingrid Helen Mjelde som er rådgjevar ved PPT Stord. Ho skal snakka om dei ulike måtane me løyser foreldrerolla på. Ho vil synleggjera ulike foreldreprofilar og peika på kva som er meir eller mindre hensiktsmessig i møte med barna. Det vert høve til å stilla spørsmål og eventuelt drøfta desse i plenum.

Ingrid Helen er ein fantastisk flink rådgjevar. Me vender oss ofte til henne når me treng rettleiing i ulike situasjonar. Ho har lang fartstid som rådgjevar.  Vil oppmuntra dykk alle til å koma på dette møte. 

Me kokar som vanleg kaffi og har noko godt attåt. (Blir det eplekake med krem denne gongen òg?Møt opp og sjekk🙂)

 

Invitert til å undervisa på HSH

For ei tid tilbake vart eg utfordra av ein lærar på HSH å koma å undervisa ein time på HSH om tryggleik på tur. Han ville at eg skulle ta utgangspunkt i hendinga i Sponavikjo i august og dela kva me har lært av dette. Eg tok utfordringa og skal ut der på tirsdag 9.02  og snakka til studentar på barnehagelærarutdanninga.