Kari Grutle Nappen frå HVL

Ja, då skal då biolog og høgskulelektor Kari Grutle Nappen koma til oss att frå Høgskulen På Vestlandet. Denne gongen skal me ha eit større prosjekt enn sist der me skal jobba tverrfagleg med naturfag, forming og norsk. Me er allereie godt i gong i Stuastølen Gardsbarnehage med å snakka om frø, spiring og vekst. Me har lært oss 2 nye songar og "mata" kjøkkenhagen med hestamøkk, slik at gulrøtter. poteter og andre vekstar skal få "god mat" når dei vert sådd i jorda.

I dag har me mala vår eigen hage som skal få henga på veggen i barnehagen. 

Kari kjem på fredag og skal hjelpa oss med å så m.a. gulrøtter i mjølkekartongar og læra oss korleis me kan få eit godt resultat med kjøkkenhagen vår. 

Me gleder oss og set pris på samarbeidet.

Høgskulen på Vestlandet

Ja, då har eg fått utfordringa nok ein gong til å undervisa på det som no heiter Høgskulen på Vestlandet (tidlegare HSH) om tryggleik i barnehagen og om korleis starta eigen barnehage.

Dette blir både kjekt og spennande å formidla både frå teori og erfaring om korleis ein balanserer forholdet mellom risiko og tryggleik i barnehagelivet. 

I år blir den ein eigen bolk med korleis ein går fram når ein startar eigen barnehage. Etter nærare 19 år i bransjen, så har har det blitt ein del både kunnskap og erfaring som ein kan dela av til studentane.

Eg likar å undervisa! Så dette ser eg fram til 🙂

Leiarkonferanse i Haugesund

No har eg vore 2 dagar i Haugesund på leiarkonferanse for styrarar og rektorar. Det har vore 2 spennande dagar med undervisning om den nye rammeplanen og om korleis leia og gjenomføra endringar i barnehagen. Me fekk høyra om det siste innan barnehageforskning og har fått gode verktøy til å fortesetja det viktige arbeidet med å laga barnehagar med god kvalitet.

2 dagar på hotell med god mat og godt selskap, er heller ikkje å forakta! 🙂